Informasjonsteknologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Informasjonsteknologi (IT), tidlegare òg elektronisk databehandling (EDB)[1] eller berre databehandling, er bruk av datamaskinar for å lagre, hente, overføre og manipulere data[2] eller informasjon. IT blir vanlegvis brukt i samanheng med forretningsdrift i motsetning til personleg teknologi eller underhaldningsteknologi.[3] IT blir nokre gonger sett på som ei undergruppe av eller synonym til det meir utførlege uttrykket informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).

Eit informasjonsteknologisystem (IT-system) er generelt eit informasjonssystem, eit kommunikasjonssystem eller nærare bestemt eit datamaskinsystem - sett saman av maskinvare, programvare og perifert utstyr - som i verksemder blir utnytta av ei avgrensa gruppe brukarar.

Omgrepet blir ofte brukt for teknologi avgrensa til datamaskinar og datanettverk, men det omfattar òg annan informasjonsdistribusjonsteknologi som mogleggjer tenester som digital kringkasting og digital telefoni. Fleire produkt eller tenester i ein økonomi er tilknytta informasjonsteknologi, inkludert datamaskinvare, programvare, elektronikk, internett, telekomutstyr og netthandel.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Menneske har lagra, henta, manipulert og formidla informasjon sidan sumerarane i Mesopotamia utvikla kileskrift i omkring år 3000 f.Kr.,[5] men omgrepet informasjonsteknologi i moderne forstand kom først ut i ein artikkel frå 1958 publisert i Harvard Business Review; forfattarane Harold J. Leavitt og Thomas L. Whisler kommenterte at «the new technology does not yet have a single established name. We shall call it information technology (IT)». Definisjonen deira består av tre kategoriar: teknikkar for handsaming, bruk av statistiske og matematiske metodar til avgjersler og simulering av tenking av høgare orden gjennom datamaskinprogram.[6]

Basert på lagrings- og prosesseringsteknologiene som er nytta, er det mogleg å skilje fire ulike fasar av IT-utvikling: før-mekanisk (3000 f.Kr. - 1450 e.Kr.), mekanisk (1450–1840), elektromekanisk (1840–1940) og elektronisk (1940 til i dag).[5] I dagleg tale nyttar ein omgrepet informasjonsteknologi berre om den siste fasen, elektronisk IT.

Verknadar av informasjonsteknologi[endre | endre wikiteksten]

Informasjonsteknologien har saman med telekommunikasjonsteknologi vore ein føresetnad for utvikling av internettbaserte tenester, til dømes e-handel, netthandel, skytenester (eng. cloud computing). Han har dessutan vore ein føresetnad for utvikling og oppskalering av bruksområde som datasimulering, (statistisk) analysar basert på stordata (eng. big data) og nyare teknologi og praksisar slik som datasjøar, maskinlæring, kunstig intelligens, robotteknologi og anna. Informasjonsteknologien er utvikla av mange praksisar, profesjonar og studieområde innan ulike ingeniørfag, inkludert datateknikk (eng. computer science), informatikk og andre. Dei fleste yrke og profesjonar har gjennom dei siste 50 åra endra seg frå å handtere og overføre informasjon på papirformat til elektroniske format ved hjelp av IT. Dette femnar om praksisar som dokumentarkiv som i dag i stor grad er omgjort til IT-basert informasjonsforvalting.[treng kjelde]

Informasjonsteknologien styrer i dag dei fleste verksemdområda og påverkar menneske i arbeid og fritid.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Informasjonsteknologi» av Eirik Rossen i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Daintith, John, red. (2009), «IT», A Dictionary of Physics, Oxford University Press, ISBN 9780199233991, henta 1 August 2012  (krev abonnement)
  3. «Free on-line dictionary of computing (FOLDOC)». Henta 31. desember 2019. 
  4. Chandler, Daniel; Munday, Rod (10. februar 2011), «Information technology», A Dictionary of Media and Communication (first utg.), Oxford University Press, ISBN 978-0199568758, henta 1 August 2012, Commonly a synonym for computers and computer networks but more broadly designating any technology that is used to generate, store, process, and/or distribute information electronically, including television and telephone. 
  5. 5,0 5,1 Butler, Jeremy G., A History of Information Technology and Systems, University of Arizona, henta 31. desember 2019 
  6. Leavitt, Harold J.; Whisler, Thomas L. (1958), «Management in the 1980s», Harvard Business Review 11 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Informasjonsteknologi