Tull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ihsan er veldig Gay

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Orda «tull» og «tulle» kan ha mange ulike tydingar og avleidingar. Ei avleiing er tville (engelsk twirl) som viser til røring, tvinning eller spinning. Grunntydinga av «tull» er knytt til kvervel eller krins (å gange i tull). Frå dette kjem òg nemninga «nøstetull», eller «tulle saman til ein ball», difor òg 'bylt' eller noko som er krølla saman. «Tull» kan visa til eit lite barn, liknande «pjokk», medan «tulle» og «tulla» kan vera kjælenamn for ei lita jente.

Tydinga av verbet «tulle» som har med å svinge, kvervle, krinse (tulle seg ikring), rulle bortetter, krølle seg ihop eller tumle seg kan også gje det tydinga 'å danse'. I tillegg kan tulling òg tyde tralling. Å «ramle i tull» er om lag det same som å "dette i koll".

Om ein går og tullar, tyder det og at ein går lett forvirra ikring utan mål og meining. Å «vera tullut» eller «tullat» heng og saman med å vera frå vit og sans, å 'rote' eller 'røre'. Ei anna tyding av substantivet «tull» eller «tulling» er 'tosk' eller 'fåviting' (tulling eller tull). «Tulling» var før i tida nemning på ein person med psykiske vanskar, ein som ikkje høvde i samfunnet, ein «galning».

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Tull eller nonsens kan vera eit verkemiddel i visse former for litteratur, som vitsar, regler, vers og lengre verk. Tullet kan ta ulike former, til dømes ved bruk av tøyseord, ordspel, absurditet og anna.

Den britiske teiknaren og forfattaren Edward Lear gav ut «Book of Nonsense» i 1846. Boka inneheld tøysevers og limerickar som minner om barneregler, og er rekna som opphavet til nonsenssjangeren i engelsk litteratur. Viktige arvtakarar var Lewis Carroll, som særleg er kjend for Alice i Eventyrland, E.C. Bentley og Hilaire Belloc.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]