Gapstrek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tulling med statuar er ein tradisjonell gapstrek som særleg er blitt utført av studentar. Her ein statue av David Hume i Edinburgh med trafikkjegle på hovudet.
Foto: Ville Miettinen
Ein bil dekt med merkelappar i eit moderne peik.
Foto: InPhonic Customer Service
Å fylla eit rom med dopapir er ein kjend gapstrek blant ungdom.
Foto: Chase Urich

Gapstrekar, fantestrekar eller peik er nemningar brukte om handlingar som er meinte å irritera, plaga eller dumma ut nokon og samstundes underhalda dei som står bak. Som regel viser omgrepet til ugagn gjort av born eller ungdom. Nokre velkjende strekar er ringa på ei dørklokke for deretter å gøyma seg, ha tannkrem i fjeset på nokon som søv eller lima fast ei mynt eller festa ei lommebok i ei snor ein kan dra i og sjå på at folk prøver å plukka dei opp utan å lukkast.

Gapstrekar er ei form for leik og kan vera svært fantasifulle, men dei har som regel i det minste eit drag av vondskap i seg. Det kan difor vera vanskeleg å skilja mellom ei spøkefull handling og sadisme. Godt planlagde og utførte peik kan vekka latter både hjå utøvarar og offer, medan andre strekar kan setja folk i fare eller vera del av ei øydeleggjande mobbing.

Gapstrekar speler gjerne på å lura eller dumma ut den dei er retta mot. Denne typen humor kan òg ha absurde trekk ved at ein skaper ein uventa situasjon, som å plassera møbel utandørs, køyretøy innandørs, dekorera statuar, eller dekka eller fylla noko med store mengder aluminiumsfolie, dopapir, ballongar eller liknande.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Dei som typisk utøver gapstreker er eldre ungar, russ og studentar. Vaksne folk gjer òg strekar, til dømes på arbeidsplassen eller som underhaldning i media, men dette er mindre akseptert og gjerne sett på som barnsleg.

Dei fleste er moglege offer for ein gapstrek. Ofra kan vera likestilte med dei som gjer peiket, ein kan retta det mot ein autoritetsperson, eller mot ein som blir oppfatta som mindreverdig, til dømes ein eller fleire nykomlingar i ei gruppe. Det avheng av kva type peik om ein prøver å tulla med tilfeldige ukjende eller kjenningar.

Høve[endre | endre wikiteksten]

Ofte skjer peik der mange born eller unge er samla med få eldre til stades, til dømes på internat, klasseturar, leirar eller andre samlingar. Elles kan dei gjerne gå føre seg i nabolaget til ein ungeflokk eller i ein studentby.

Gapstrekar er særleg vanlege ved nokre høve, som 1. april, halloween eller minnedagen for dei uskuldige borna i Betlehem, eller ved byrjinga av eit skuleår eller ei anna form for samling av erfarne og nye folk. Dei er særs vanlege i samband med rekruttopptak i nokre militærtradisjonar og ved opptak til bror- og søsterskap ved nordamerikanske utdanningsstader.

Gapstrekar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Aristoteles inneheldt Trapezium av Xenophanes ei framifrå samling av gapstrekar, men berre små delar av dette verket har overlevd til notida.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Ein finn ei rekke peik i ulike mytologiar, gjerne utførte av ein særskilt narregud (trickster). Den vestafrikanske og amerikanske edderkoppmannen Anansi er ein typisk slik narrefigur. Han prøver stadig å lura andre, men ender ofte opp med peik mot seg sjølv. Innan den norrøne mytologien høyrer vi om Loke, som mellom anna klippa håret av Siv medan ho sov, fekk Tor til å kle seg ut som kvinne og band ballane sine til ei geit for å få Skade til å le. I gresk mytologi finn vi Eris, som starta Trojanarkrigen ved å kasta eit eple «til «den vakraste» av dei tre gudinnene Hera, Atene og Afrodite.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Lurendreiaren Brer Rabbit speler puss mot seg sjølv og andre.

Brer Rabbit er ein folkehelt frå afroamerikansk kultur, særleg kjend frå Onkel Remus-sogene, som har utvikla seg frå lurendreiaren Anansi. Den vesle kaninen gjer mange peik mot dei farlege fiendane sine, på same måte som den mytologiske edderkoppmannen.

I 1953 gav den USA-amerikanske humoristen H. Allen Smith ut boka The Complete Practical Joker, der han skildra mange peik gjennom tidene. Ein av desse fortel om målaren Waldo Peirce som gav vertinna si i Paris ei lita skjelpadde som han gradvis erstatta med større og større dyr. Etter at vertinna hadde vist fram den fantastiske, veksande skjelpadda til heile nabolaga tok han til å bytta ut kjæledyret henna r med stadig mindre skjelpadder igjen. Ei liknande forteljing går igjen i boka Esio Trot av Roald Dahl.

Media[endre | endre wikiteksten]

Ein utbreidd fjernsynssjanger går ut på å filma gapstreker med skjult kamera. Ein kan til dømes laga til ein merkeleg situasjon og filma korleis fleire folk reagerer, eller ein kan laga til ein innvikla situasjon der fleire går saman om å narra ein enkeltperson over lengre tid.

Fleire humoristar, mellom anna norske Espen Thoresen, har drive med ulike peik i form av tulleringing send på radio eller utgjevne på CD.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gapstrek