Tunicamycin
Utsjånad
Tunicamycin er ei gruppe nukleosid-analogar og antibiotika danna av ymse artar i bakterieslekta Streptomyces. Tunicamycin hemjar enzym i PNPT-overfamilien. Denne overfamilien inkluderer enzymet MraY som katalyserer danninga av sellevegg i bakteriar, og det integrale membranenzymet GPT i eukaryotar (DPAGT1 i menneske) som katalyserer det fyrste steget i N-lenkja glykosylering av protein. Hemjinga av glykosyleringsenzymet hjå menneske gjer tunicamycin mindre eigna til medisinske føremål og det er ikkje vorte nytta i klinisk samanheng. Derimot er dei mykje nytta som verktøy i forsking.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Price, Neil P J; Tsvetanova, Billyana (2007). «Biosynthesis of the Tunicamycins: A Review». The Journal of Antibiotics 60 (8): 485. PMID 17827659. doi:10.1038/ja.2007.62.
- ↑ Yoo, Jiho; Mashalidis, Ellene H; Kuk, Alvin C. Y; Yamamoto, Kazuki; Kaeser, Benjamin; Ichikawa, Satoshi; Lee, Seok-Yong (2018). «GlcNAc-1-P-transferase–tunicamycin complex structure reveals basis for inhibition of N-glycosylation». Nature Structural & Molecular Biology 25 (3): 217. doi:10.1038/s41594-018-0031-y.