Tupac Shakur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tupac Shakur
Tupac graffiti New York.jpg
Fødd 16. juni 1971
East Harlem
Død

13. september 1996
Las Vegas

Tupac Amaru Shakur (16. juni 197113. september 1996), fødenamn Lesane Parish Crooks, var ein kjent rappar frå USA.

Tupac er kanskje mest kjent under aliaset 2Pac, som han tok då han byrja å spela med rappegruppa Digital Underground. Mot slutten av livet tok han også aliaset Makaveli etter den italienske adelsmannen og forfattaren Niccolò Machiavelli.

Shakur var fødd i Bronx i New York. Han døydde i Las Vegas etter å ha blitt skoten av ukjende i ein forbipasserande bil. Mor hans, Afeni Shakur, var medlem av Black Panthers, 'Svarte pantarar', som kjempa for afroamerikanarar mellom anna gjennom valdsbruk, og var gravid medan ho sett i fengsel for å ha framsett bombetruslar. Far hans, Mutulu Shakur, var også med i den omstridte organisasjonen.