TuralTuranX

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
TuralTuranX

Fødd30. oktober 2000 (23 år)
FødestadZagatala
OpphavAserbajdsjan
Instrumentpiano

TuralTuranX er ein aserbajdsjansk musikkduo beståande av tvillingbrørne Tural og Turan Bağmanov (fødde 30. oktober 2000).[1] Dei representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Tell Me More».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tural og Turan Bağmanov kjem frå Zaqatala i nordvestlege Aserbajdsjan. Brørne såg fyrste gong eit piano på skulen og blei så fascinert av det, at dei øvde og spelte på det i skjul.[1] Sidan kjøpte faren ein brukt synthesizer, og dei lærte seinare å spele gitar.[1] TuralTuranX byrja å opptre på skuleframsyningar og andre lokale arrangement. Då faren døydde, slutta dei med musikk for ein periode.[2]

Tural flytta seinare til hovudstaden Baku og skipa bandet TheRedJungle saman med ein ven. Raskt byrja også Turan å opptre i bandet.[1] Brørne opptredde også som gatemusikantar.[3]

Vinteren 2023 deltok TuralTuranX i den interne uttakinga til kringkastaren İctimai Televiziya for å velje representant og bidrag til Eurovision Song Contest 2023 for Aserbajdsjan.[4] Den 9. mars 2023 kunngjorde kringkastaren at han hadde valt brødreparet til å representere Aserbajdsjan. Dei deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai i Liverpool med songen «Tell Me More».[5] Songen enda nest sist i semifinalen med 4 poeng og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 13. mai.[6]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Tural og Turan Bağmanov hadde to andre brør, Emin og Camal, som begge omkom i ei trafikkulukke i landsbyen Yuxarı Tala i 2015.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Meet TuralTuranX from Azerbaijan Eurovision 2023 [GET TO KNOW]» (på norsk bokmål). Henta 11. mars 2023. 
  2. «TuralTuranX - Get to know / Tell Me More [Eurovision 2023 Azerbaijan]» (på norsk bokmål). Henta 11. mars 2023. 
  3. NDR. «TuralTuranXvertreten Aserbaidschan beim ESC in Liverpool». www.eurovision.de (på tysk). Henta 11. mars 2023. 
  4. Granger, Anthony (2. februar 2023). «Azerbaijan: Five Acts in Contention for Eurovision 2023 Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  5. «TwinsTuralTuranX to represent Azerbaijan». eurovision.tv (på engelsk). 9. mars 2023. Henta 11. mars 2023. 
  6. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  7. «Avroviziya”ya gedən Tural-Turan kimdir? - Video». QafqazInfo (på aserbajdsjansk). 9. mars 2023. Henta 9. mars 2023.