Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aserbajdsjan
EuroAzerbaiyán.svg
Offisielt Azerbaijan

İTV
Uttakingar
Nasjonalt 6
Internt 8
Deltaking
Debutår 2008
Deltakingar 14
Beste resultat
Semifinalen 1 (2013)
Finalen 1 (2011)
Verste resultat
Semifinalen 11 (2018)
Finalen 22 (2014)
Poeng
Semifinalane 1 647
Finalane 1 881
Totalt 3 528

Aserbajdsjan debuterte i Eurovision Song Contest i 2008. Landet har delteke kvart år sidan. Bidraga vert valde i den nasjonale finalen, Land of Fire. I 2011 vann Ell & Nikki Eurovision Song Contest med songen «Running Scared».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjan debuterte i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2008 og kvalifiserte seg til finalen.

I 2007 ville ein annan kringkastar, Azərbaycan Televiziya (AzTV), delteke i tevlinga, men reglane til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) tillet ikkje dette ettersom AzTV ikkje var aktivt medlem. AzTV vart nekta aktivt medlemskap 18. juni 2007 då ein meinte at det vart kopla opp til den aserbajdsjanske regjeringa. 5. juli same år fekk İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV) fullt medlemskap i EBU, og 15. oktober fekk dei løyve til å ta del i EBU.

Etter berre fire år i tevlinga vann Ell & Nikki med songen «Running Scared» i 2011. Dette gjorde at den gjennomsnittlege poengsummen til Aserbajdsjan låg på 176,25, den høgaste av alle deltakarlanda.

Sidan semifinalane vart innført i 2004 har Aserbajdsjan vore plassert innanfor topp ti kvart år. Fram til 2012 var Hellas det einaste andre landet som har gjort dette.

Popularitet[endre | endre wikiteksten]

Sidan debuten i 2008 har tevlinga vorte overmåte populær i landet. Etter åttandeplass i 2008 og plassering mellom dei fem beste sidan 2009 har tevlinga vorte eit spørsmål om «nasjonal ære» og vorte sett som særs viktig. Kor viktig tevlinga var for landet synte seg i 2013 då den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev starta ei gransking av kvifor Aserbajdsjan ikkje gav poeng til Russland i finalen i 2013.[1] Aserbajdsjan reknar med at dei får ei god plassering og tilset ofte etablerte låtskrivarar og produsentar for å gjere sitt inntog i tevlinga. Sidan 2009 har Eurovision Song Contest vore det mest sette fjernsynsprogrammet på aserbajdsjansk fjernsyn, sjølv om tevlinga vert kringkasta etter midnatt lokal tid. I 2011 laga Aserbajdsjan eit eige frimerke til ære for Ell & Nikki av di dei vann tevlinga for Aserbajdsjan.[2][3] Duoen vart nasjonale stjerner etter sigeren, og landet brukte 1 milliard på å vere vertsland for Eurovision Song Contest 2012. Det vart òg bygd ein ny arena i hovudstaden Baku.[4] Dette er den største pengesummen eit land har brukt for å arrangere tevlinga, nok eit bevis på den store populariteten til tevlinga i Aserbajdsjan.[4]

Bidrag[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
2008 Elnur og Samir «Day After Day» Engelsk 132 8 96 6
2009 Aysel og Arash «Always» Engelsk 207 3 180 2
2010 Safura «Drip Drop» Engelsk 145 5 113 2
2011 Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk 221 01 122 2
2012 Səbinə Babayeva «When the Music Dies» Engelsk 150 4 Vertsnasjon
2013 Fərid Məmmədov «Hold Me» Engelsk 234 2 139 1
2014 Dilarə Kazımova «Start a Fire» Engelsk 33 22 57 9
2015 Elnur Hüseynov «Hour of the Wolf» Engelsk 49 12 53 10
2016 Samra «Miracle» Engelsk 117 17 185 6
2017 Dihaj «Skeletons» Engelsk 120 14 150 8
2018 Aisel «X My Heart» Engelsk Ikkje kvalifisert 94 11
2019 Chingiz «Truth» Engelsk 302 8 224 5
2020 Samira Efendi «Cleopatra» Engelsk Avlyst
2021 Samira Efendi «Mata Hari» Engelsk 65 20 138 8
2022 Nadir Rüstəmli «Fade to Black» Engelsk 106 16 96 10

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Røystehistorikk (2008-2021)[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjan har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
1 Ukraina 122
2 Russland 121
3 Moldova 61
4 Israel 58
5 Malta 53

Aserbajdsjan har fått flest poeng frå
# Land Poeng
1 Russland 124
2 Georgia 116
3 Moldova 102
4 Ukraina 94
5 Malta 73

Vertskap[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiarar
2012 Baku Bakı Kristal Zalı Leyla Əliyeva, Eldar Qasımov og Nərgiz Birk-Petersen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eurovision: Azerbaijan probes Russian 'nul points'» (engelsk). BBC News. Henta 28. juni 2013. 
  2. «Ell & Nikki (2011) IN POST STAMPS» (engelsk). Oikotimes.com. Henta 28. juni 2013. 
  3. «Stamps on Azerbaijan's Eurovision-2011 win issued» (engelsk). News.az. Henta 28. juni 2013. 
  4. 4,0 4,1 «Stamp on Azerbaijan’s Eurovision-2011 Win Issued» (engelsk). philamirror.info. Henta 28. juni 2013. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]