Turid Angell Eng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turid Angell Engs skulptur «Heptakord» (til venstre på fotografiet) på Johan Svendsens plass i Oslo
Foto: Hans A. Rosbach

Turid Angell Eng, òg kjend som Turid Eng Hirsch (fødd 21. oktober 1937 i Oslo), er ein norsk teiknar og bilethoggar utdanna hjå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo og Statens Kunstakademi. Ho har hatt fleire utsmykkingsoppdrag, mellom anna på Lillehammer bibliotek i Lillehammer og Nordtvedt skole i Oslo, og er representert i Oslo domkyrkje med skulpturen «Maria med barnet». På Johan Svendsens plass i Oslo, plassen framfor Oslo Konserthus, står hennar skulpturgruppe «Heptakord», som ho vann ei utlyst konkurranse med i 1977.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]