Turid Farbregd
Turid Farbregd | |
![]() | |
Fødd | 8. mars 1941 Gjesdal |
---|---|
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | omsetjar, leksikograf |
Turid Farbregd (fødd 8. mars 1941) er ein norsk filolog, leksikograf og omsetjar frå Gjesdal på Jæren.[1] Ho har vore norsk statsstipendiat sidan 1995.
Etter utdanning i nordisk og finsk ved Universitetet i Oslo (ho tok eksamen 1969) arbeidde Farbregd som norsklektor ved Universitetet i Helsingfors frå 1971 fram til ho vart statsstipendiat. På 1970-talet omsette ho også bøker frå finsk til norsk. Frå og med 1980-talet har ho arbeidd spesielt med estisk og med estarane sin situasjon. Særleg i tida før det estiske sjølvstendet utgjorde Farbregd aleine ein kulturinstitusjon, gjennom at ho gjorde situasjonen i Estland kjend i Norden og omsette skjønnlitteratur frå estisk til norsk.
Som leksikograf har Farbregd grunnlagt leksikografien mellom norsk og finsk og mellom norsk og estisk. Ho står som forfattar eller medforfattar av samtlege ordbøker mellom desse språkpara.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Farbregd, Turid 1969: Stadnamn frå Drivdalen. IX, 217 bl. : ill. Hovedoppgåve i nordisk - Universitetet i Oslo, 1969.
- Farbregd, Turid og Aili Kämäräinen. Finsk-norsk norsk-finsk lommeordbok. Oslo : Kunnskapsforlaget, 1978. 636 s.
- 82-573-0116-7
- Farbregd, Turid og Hannele Seppinen 1993: Finsk-norsk ordbok. Oslo : Universitetsforlaget, c1993. XXII, 271 s.
- Farbregd, Turid ja Gennadi Jagomägi 1997: Eesti-norra sõnastik = Estisk-norsk ordliste. Tartu : Ilmamaa, 1997. 150 s.
- Farbregd, Turid, Sigrid Kangur, og Ülle Viks 1998: Norsk-estisk, estisk-norsk ordbok = Norra-eesti, eesti-norra sõnaraamat. Tallinn : Stiftelsen estisk språk, 1998. 756 s.
Bibliografi, omsetjingar (i utval)[endre | endre wikiteksten]
- Farbregd, Turid 1974: Finske eventyr ; illustrert av Erkki Alajärvi. Oslo : Samlaget, 1974. 139 s. ill.
- Farbregd, Turid 1977: Finske noveller, utval og omsetjing ved Turid Farbregd. Orion-bøkene ; 193. Oslo : Samlaget, 1977. 195 s.
- Jaan Kaplinski Same hav i oss alle 1988 Gyldendal
- Emil Tode: Prisen Cappelen forlag 1997 ISBN 82-02-16591-1
- Riitta Jalonen: Englenetter Samlaget 1991 ISBN 82-521-3780-6
- Jaan Kross: Skrubbsår og andre noveller Gyldendal 1991 ISBN 82-05-20028-9
- Emil Tode: Englefrø Cappelen forlag 1995 ISBN 82-02-14737-9
- Viivi Luik: Skremmande vakkert Samlaget 1994 ISBN 82-521-3840-3
- Andrus Kivirähk: Trollskap i november Pax forlag 2004 ISBN 82-530-2654-4
- Sofi Oksanen: Utrenskning Oktober 2010 ISBN 8249506545
- Juha Itkonen: Sytten Oktober 2012 ISBN 9788249508532
- Sofi Oksanen: Da duene forsvant Oktober 2013 ISBN 8249510763
- Katja Kettu: Jordmora Pax Forlag AS 2013 ISBN 9788253036403
- Mirja Tervo: Høye hæler Spartacus 2014 ISBN 9788243008311
Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
- 1989: Bastianprisen for å ha omsett eit utval av dikta til Jaan Kaplinski frå estisk til norsk (utgjevne av Gyldendal under tittelen Same hav i oss alle i 1988).
- 2013: Kritikerprisen for omsettinga av Jordmora av Katja Kettus