Sofi Oksanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sofi Oksanen

Nasjonalitet finsk
Statsborgarskap Finland
Fødd 7. januar 1977 (47 år)
Jyväskylä
Yrke dramaturg, romanforfattar, skodespelforfattar, forleggjar
Språk Finsk
Sofi Oksanen på Commons

Sofi Oksanen (fødd 7. januar 1977 i Jyväskylä i Finland) er ein finsk-estisk forfattar og dramatikar.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Oksanen voks opp i Jyväskylä i Midt-Finland. Mor hennar er ein estisk diplomingeniør som voks opp i det sovjetisk-okkuperte Estland og emigrerte til Finland på 1970-talet. Faren er ein finsk elektrikar.[2]

Oksanen har studert litteratur ved Jyväskylä universitet og Helsingfors universitet og seinare drama ved Teaterhögskolan i Helsingfors.

Forfattarskapen[endre | endre wikiteksten]

Tematikken i forfattarskapen hennar spinn rundt postsovjetisk kvinneidentitet. I 2008 vann ho Finlandia-prisen for romanen Puhdistus, som delvis er basert på skodespelet ved same namn. Boka vart òg årets store bestseljar i Finland. Puhdistus kom på norsk i 2010 med tittelen Utrenskning. Ho fekk Runebergprisen for Puhdistus i 2009, og i 2010 vann ho òg Litteraturprisen til nordisk råd for romanen.[3]

Puhdistus (Utrenskning) er selt til meir enn tjue land og har lege på bestseljarlistene i Sverige, Noreg og Danmark, og har òg selt godt i USA.[4][5]

Stalins kyr[endre | endre wikiteksten]

Oksanen debuterte med romanen «Stalinin lehmät» i 2003, i Noreg med tittelen «Stalins kyr» i 2009. I romanen møter vi estiske kvinner frå ulike generasjonar og under ulike tilhøve. Hovudpersonen er Anna, ei ung jente som veks opp i Finland på den tida då Estland enno var ein del av Sovjetunionen. Som barn lærde Anna å nekta for den estiske bakgrunnen sin for å unngå horestemplet estiske kvinner risikerer å få i Finland. I tillegg til forteljingar om brutalitet og naud under andre verdskrigen, Sibirs fangeleire og sovjettida sitt overvakingssamfunn, tematiserer Oksanen òg spiseforstyrring og skjønnheitsdyrkinga blant unge jenter.

Baby Jane[endre | endre wikiteksten]

Den andre romanen hennar, Baby Jane, kom i 2005. Baby Jane kom på norsk i 2011. Historia spelar ut seg i det urbane Helsingfors i 1990-åra, og temaet i denne boka er sosial angst. Boka handlar om den sjølvsikre og tøffe Piki som er Helsingfors' coolaste lesbe med stor omgangskrins, som alle vil vera saman med. Plutseleg lèt ho seg fange heime og nærast sveltar i hel, då panikkangsten hennar bryt ut og ho ikkje greier å skjula han lenger. Piki mistar stadig grepet på tilværet.

Utrenskning[endre | endre wikiteksten]

Sofi Oksanen under Bokmessa i Frankfurt i 2012

I 2007 hadde Sofi Oksanens debutskodespel Puhdistus premiere på Finlands nasjonalteater. Seinare same år vart skodespelet sett opp på Eesti Draamateater i Tallinn og våren 2008 vart det gjesteframført på Dramaten/Elverket i Stockholm.

Handlinga vert hovudsakleg spelt ut i 1992 i Estland. Den gamle kvinna Aliide finn ein dag ei ung kvinne på flukt i hagen på garden på landet. Ho heiter Zara og viser seg til å vera dotterdotter til Aliides syster. Møtet fører til at Aliide må sjå attende på sit eige liv og skjebnen i landet og dei val ein tok under både den tyske og den sovjetiske okkupasjonen.

Stykket vart gjeven ut som roman i 2008, på svensk i 2010 og norsk same år.

Den estiske komponisten Jüri Reinvere skreiv musikk og libretto til operaen Purge (Puhdistus), basert på boka. Denne produksjonen hadde premiere i Finlands nasjonalopera i 2012.

Då duene forsvann[endre | endre wikiteksten]

Da duene forsvant vart gjeven ut i Finland 31. august 2012, og kom på norske året etter. Det er den tredje boka i trilogien om Estland, som har tida under og etter andre verdskrig som bakgrunn. Boka handlar om tilhøve under okkupasjon, om motstand og forræderi, om ulykkelig ekteskap, om kjærleik og farlege samband, og om modige og svikefulle val.

Avisartiklar[endre | endre wikiteksten]

Oksanen med Imbi Paju i 2009

Sofi Oksanen har fast spalta i det finske tidsskriftet Sihteeri&Assistentti og har skrive i dei finske avisene Sunnuntaisuomalainen, Metro og Aamulehti. Artiklane hennar omhandlar mellom anna multinasjonal identitet, sensurinternett, menneskerettar og ytringsfridom. Andre tema har vore historieløyse og den doble identiteten til estiske kvinner.

Saman med estiske Imbi Paju gav Sofi Oksanen i 2009 ut den finskspråklige artikkelserien Kaiken takana oli pelko («Bak alt står frykt»), som skildrar Estlands historie under den sovjetiske okkupasjonen. I innleiinga til boka grunngjev Oksanen utgjevinga med kor øydeleggjande det kommunistiske samfunnssystemet var og at dette ikkje er vorte tematisert og handsama så ofte og grundig, i motsetnad til nasjonalsosialismen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Romanar
  • Stalinin lehmät, WSOY, 2003. På norsk som Stalins kyr, omsett frå finsk av Morten Abildsnes (Oktober forlag, 2009). ISBN 978-82-495-0631-6
  • Baby Jane, WSOY, 2005. På norsk som Baby Jane, omsett frå finsk av Morten Abildsnes (Oktober, 2011). ISBN 978-82-495-0794-8
  • Puhdistus, WSOY, 2008. På norsk som Utrenskning, omsett frå finsk av Turid Farbregd (Oktober, 2010). ISBN 978-82-495-0654-5
  • Kun kyyhkyset katosivat, 2012. På norsk som Da duene forsvant, omsett frå finsk av Turid Farbregd (Oktober, 2013), ISBN 978-82-495-1076-4
  • Norma, 2016
Drama
  • Puhdistus, näytelmä, 2006
  • High Heels Society, 2008
  • «Husmor eller babe?» (publisert i Syn og Segn 2009)
  • «Hammar og sign er gøy, hakekrossen alvor» (publisert i Syn og Segn 2009)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Finlandia-prisen (2008)
  • Kalevi Jäntti-prisen (2008)
  • Runebergprisen (2009)
  • Litteraturprisen til nordisk råd (2010)[6]
  • Prix Femina Étranger i (2010)[7]
  • Terra Mariana-ordenen til krossen (2010)
  • Pro Finlandia-medaljen (2012)[8]
  • Svenska Akademiens nordiske pris (2013)[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sofi Oksanen - född till författare
  2. Judith Katzir (3. mai 2010). «The International Writers Festival, Jerusalem» (PDF). Haaretz.  Arkivert 2012-02-27 ved Wayback Machine.
  3. «-Vibrerer av spenning.», arkivert frå originalen 1. april 2010, henta 17. april 2018 
  4. Förlaget bryt med Oksanen.
  5. Albert Bonniers Förlag.
  6. Sofi Oksanen får Nordiska litteraturprisen til rådet
  7. «Oksanen vinner fransk litteraturpris». YLE Uutiset. Henta 4. august 2014. 
  8. (fi)
  9. «Now Swedish Academy's turn to honour author Oksanen». YLE Uutiset. 15. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]