Turid Thomassen
Utsjånad
| Turid Thomassen | |||
| | |||
| Fødd | 19. april 1965 (61 år) Porsgrunn | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Raudt | ||
| Yrke | politikar, fagforeiningsleiar | ||
| Institusjonar | Høgskolen i Lillehammer | ||
| Ektefelle | Aksel Hagen | ||
| Verv | Leiar i Raudt 2010–2012 | ||
| Føregangar | Torstein Dahle | ||
| Etterfylgjar | Bjørnar Moxnes | ||
| Alle verv |
| ||
Turid Thomassen (fødd 19. april 1965) er ein norsk politikar frå Stathelle i Bamble kommune som var leiar i Raudt frå 2010 til 2012.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Thomassen tok over vervet som leiar etter Torstein Dahle. Før ho vart partileiar, var ho ein markant lokalpolitikar i Lillehammer, der ho har vore kommunestyrerepresentant sidan 1999. Ho har òg sete i landsstyret i Raudt og RV i mange år. Fram til ho vart leiar i Raudt, jobba ho som konsulent på Høgskolen i Lillehammer. Ho er gift med SV-politikaren Aksel Hagen, som sit på fylkestinget i Oppland.
Thomassen er oppteken av fagleg-politisk arbeid, og har vore tillitsvald i Norsk Tenestemannslag. Elles er ho særleg engasjert seg i internasjonalt arbeid, mellom anna for Palestina.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkel Arkivert 2010-06-20 ved Wayback Machine. i Lillehammer Byavis
- Referansar
- ↑ Turid Thomassen blir ny leder i Rødt i roedt.no