Tvertsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tvertsa
elv
none
Land Flag of Russia.svg Russland
Kjelde Starotveretskijkanalen
Munning Volga
Lengd 188 km km
Nedslagsfelt 6 510 km² km²
Vassføring
 - middel 55 m³/s /s
Wikimedia Commons: Tvertsa River

Tvertsa (russisk Тверца́) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 188 km lang og har eit nedslagsfelt på 6 510 km². Elva har ei middelvassføring på 55 m³/s.

Startpunktet til Tvertsa vert rekna for å vere den 2,9 km lange Starotveretskijkanalen, som går mellom elva og Visjnevolotskoje-reservoaret. Reservoaret hentar opp til 80% vatnet frå elva Tsna over til Tvertsa. Tvertsa frys til mellom november og tidleg i januar, og er islagd til månadsskiftet mars/april.

Byane Torzjok og Vysjnij Volotsjok ligg ved Tvertsa. Byen Tver ligg ved munningen i Volga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]