Torzjok
Torzjok | |||
Торжок | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Tver oblast | ||
Areal | 59 km² | ||
Folketal | 41 116 (2021) | ||
Grunnlagd | 1139 | ||
• Bystatus | 1775 | ||
Postnummer | 172000-172011 | ||
Retningsnummer | 48251 | ||
![]() Torzjok 57°02′00″N 34°58′00″E / 57.033333333333°N 34.966666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Torzhok |
Torzjok (russisk Торжо́к) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tvertsa, 60 km vest for Tver.
Historie
[endre | endre wikiteksten]


Torzjok vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1139. Mongolane brende byen i 1238, men dei gjekk ikkje vidare nordover til Novgorod. På den tida kontrollerte byen den einaste ruta for kornleveransar til Novgorod. Om Torzjok blokkerte ruta ville det verte kornmangel og hungersnaud i Novgorod. Torzjok vart derfor kjent som nøkkelen til Novgorod-republikken og skifta ofte hender under føydale krigar.
Byen vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva med resten av Novgorod-republikken i 1478. Den polske armeen plyndra ofte byen under problemtida. Under det russiske keisardømet vart Torzjok kjend som ein viktig poststasjon på hovudvegen frå Moskva til St. Petersburg.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]I Torzjok finn ein fleire kyrkjer bygt på 1600-talet eller tidleg på 1700-talet. Under Katarina den store vart det gamle Boris og Gleb-klosteret ombygd i nyklassisk stil av ein lokal landeigar, fyrst Lvov. Hovudkyrkja i byen er katedralen frå 1374. I tillegg finst det vesle reisepalasset til Katarina II.
Kjende personar frå Torzjok
[endre | endre wikiteksten]- Aleksej von Jawlensky, russisk ekspresjonistisk målar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Torzjok» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.