Vysjnij Volotsjok
Vysjnij Volotsjok Вышний Волочёк | ||
---|---|---|
![]() | ||
Byvåpenet til Vysjnij Volotsjok |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Tver oblast | |
Først nemnd i Bystatus |
1437 1770 | |
Borgarmeister | Mark Khasainov | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
52 342 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 171150–171168 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)48233 | |
Nettstad: www.vyshny-volochok.ru |
Vysjnij Volotsjok (russisk Вы́шний Волочёк) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg rundt 120 km nordvest for Tver.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Busetnaden har vore kjend sidan 1437. Vysjnij Volotsjok ligg i Valdajhøgdene, mellom elvane Tvertsa og Tsna, på vasskiljet mellom Volga og Austersjøen. Frå dette kjem namnet på byen, som tyder «Den øvre staden der båtar vert dradd mellom elvar». I 1703-1722 fekk Peter den store bygd ein kanal som knytte desse to elvane saman, Mariinskkanal-systemet). Seinare vart Vysjnij Volotsjok eit viktig senter for tekstilproduksjon.
Næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Byen har i dag eit mangfaldig næringsliv, som omfattar tekstilindustri, trevarer, papirindustri og næringsmiddelindustri, i tillegg til enkelte utdanningsinstitusjonar.
Både hovudvegen og jernbanen mellom Moskva og Sankt Petersburg går gjennom byen.