Tvil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Doubts (1886) av Henrietta Rae.

Tvil er uvisse om tillit, åtferd, avgjerd eller tru. Ein kan til dømes tvila på kva som er best eller rettast e;;er kva som er sant eller ikkje. Nærskylde omgrep er tviking, rådville og skepsis.

Vitskap og filosofi[endre | endre wikiteksten]

Voltaire var ein skeptikar, eller tvilar på samfunnsordenen

Den vitskaplege metoden, og til ei grad all vitskap, kan seiast å vera motivert av tvil: i staden for å akseptera noverande teoriar, gjer ein ei rekkje testar for å sjå om dei stemmer.

Psykopatologi[endre | endre wikiteksten]

Overdriven tvil kan vera assosiert med tvangslidingar.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Tomas tvilaren, Jesus sin læresvein tvilar på om det verkeleg er Jesus som har gjenoppstått

Tvil er ofte debattert i samband med kristendommen, der ein kan visa til tvil om frelse og eit eventuelt etterliv. Dette er blir særleg viktig for trua til protestantane, der det vera nok å berre tru på Jesus som ein frelsar og som samband til Gud for å få ein positiv utgang i etterlivet. Debatten er mindre viktig i dei fleste andre religionar og etiske tradisjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Hein, David (Winter 2006). "Faith and Doubt in Rose Macaulay's The Towers of Trebizond". Anglican Theological Review 88 (1): 47-68. ISSN 0003-3286.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Doubt: A History, 2003, Jennifer Michael Hecht
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.