Tyrannus
Tyrannus | |
Austkongetyrann, Tyrannus tyrannus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Infraorden: | Tyrannida |
Familie: | Tyrannfamilien Tyrannidae |
Slekt: | Tyrannus Lacépède, 1799 |
Fugleslekta Tyrannus er ei gruppe av store insektetande sporvefuglar i tyrannfamilien. Dei fleste har fellesnamnet kongetyrann, engelsk 'kingbird'.
Dei føretrekkjer halvopne eller opne område. Desse fuglane sit på ei grein med fri utsikt, ventar på høve og fangar deretter insekt i flukt. Hovudføda er insekt, men somme kan ete av frukter om vinteren. Dei har lange spisse venger og store breie nebb. Kongetyrannar er typisk trekkfuglar, somme sterke trekkfuglar, andre er standfuglar som karibkongetyrann. Storkongetyrann er endemisk for Cuba.[1]
Desse fuglane har ein tendens til å forsvare hekketerritoria sine særs aggressivt, ofte jagar dei bort mykje større fuglar. Slektsnamnet tyder «tyrann».
Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer alle artar i slekta som lite sårbare. Unntaket er storkongetyrann, Tyrannus cubensis, med status trua og minkande populasjon,[2]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Kongetyrannar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
- Inkakongetyrann, Tyrannus niveigularis
- Tupikongetyrann, Tyrannus albogularis
- Tropekongetyrann, Tyrannus melancholicus
- Mayakongetyrann, Tyrannus couchii
- Krattkongetyrann, Tyrannus vociferans
- Tjukknebbkongetyrann, Tyrannus crassirostris
- Vestkongetyrann, Tyrannus verticalis
- Austkongetyrann, Tyrannus tyrannus
- Gråkongetyrann, Tyrannus dominicensis
- Karibkongetyrann, Tyrannus caudifasciatus
- Storkongetyrann, Tyrannus cubensis
- Saksetyrann, Tyrannus forficatus
- Gaffeltyrann, Tyrannus savana
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Kingbird» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2011
- Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Garrido, Orlando H.; Kirkconnell, Arturo (2000). Helms Field Guides: Birds of Cuba. London: Christopher Helm. ISBN 978-82-7852-073-4.
- ↑ BirdLife International (2014) Species factsheet: Tyrannus cubensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. september 2014.
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar, bilete og lydopptak av tyrannar hos Internet Bird Collection