Tyrannfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyrannfamilien
Saksetyrann Tyrannus forficatus
Saksetyrann
Tyrannus forficatus
Utbreiing
Utbreiinga av tyrannfamilien
Utbreiinga av tyrannfamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraorden: Tyrannida
Familie: Tyrannfamilien Tyrannidae
Vigors, 1825

Tyrannar, Tyrannidae, er ein familie av sporvefuglar, ordenen Passeriformes. Dette er ein familie med utbreiing utelukkande i «den nye verda», og finst i heile Nord- og Sør-Amerika, men i hovudsak har dei ein tropisk distribusjon. Dette er den største gruppa av fugleartar som er samla i ein familie, han har ca. 450 artar.[1] Dette er òg den mest artsrike familien i alle amerikanske land, bortsett frå i USA og Canada. Ikkje uventa for ein familie med så mange artar, så varierer medlemmene sterkt både i form, mønstre og fargar. Nokre tyrannar liknar tilsynelatande på flugesnapparar i «den gamle verda».

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste, men ikkje alle, er ganske lite iaugefallande, og mange har oppreist fjørtopp på hovudet. Som namnet på engelsk ymtar om, 'Tyrant flycatcher', er dei fleste insektetarar, men somme tar frukt eller små virveldyr, for eksempel små froskar. Dei to minste artane i familien, korthaleknøttyrann og svartkroneknøttyrann, er nært i slekt. Med ei total lengd på berre 6,5-6,8 cm og ei vekt på 4-5 gram, så er dette den minste sporvefuglen på jorda. Den største tyrannen er den store storrovtyrann på 29 cm og 88 gram. Nokre få artar som strimmelhaletyrann og gaffeltyrann har ei større totallengd, hovudsakleg på grunn av lange stjertfjør.

Habitat og distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Artsrikdommen i Tyrannidae varierer mykje med habitat. Habitat i eviggrøne tropiske skogar har høgast utval av artar. Minst diversitet har mellom anna habitat med palmeskog, elver, høglandsmåskog og nordlege grassletter. Tyrannane er svært spesialiserte i eviggrøne tropiske skogar, til dømes har slike habitat i lågland 49 endemiske artar og i eviggrøne tropiske skogar høgland 46 endemiske artar. Den søratlantiske kysten har signifikant høgast artsmangfald, med Manabí-Tumbes regionen tett bak.

Vernestatus[endre | endre wikiteksten]

Per januar 2024 er to artar av tyrannar kategoriserte som kritisk truga (CR), ni artar er sterkt truga (EN) og nitten er sårbare (VU) i global raudliste. Dei kritisk truga artane er:

Vurdert 13. august 2020, leveområde i nordaustlege Brasil (Alagoas og Pernambuco), populasjon minkande med 50-250 modne individ[2]
Vurdert 1. oktober 2016, leveområde nær Rio de Janeiro med færre enn 50 individ[3]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Etter somme nyare inndelingar av grupper i biologisk systematikk er ei rekkje artar (ca. 30 artar) som tidlegare var inkludert i Tyrannidae no skilt ut i familien Tityridae.

Tyrannar er medlemmer av underorden Tyranni, artar av Passeriformes som ikkje har avanserte songevner.

Slektoversyn[endre | endre wikiteksten]

Slekter av tyrannar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2023). IUCN Red List of Threatened Species. Henta 28. januar 2024.
  2. BirdLife International (2020). «Phylloscartes ceciliae». IUCN Red List of Threatened Species 2020. Henta 28. januar 2024. 
  3. BirdLife International (2018). «Calyptura cristata». IUCN Red List of Threatened Species 2018. Henta 28. januar 2024. 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  5. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]