U2-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

U2-saka under Den kalde krigen starta i 1960, då eit amerikansk rekognoseringsfly av typen U-2 vart skote ned over Sovjetunionen på veg frå ein NATO-base i Peshawar i Pakistan til Bodø. Amerikanske styresmakter nekta for hendinga inntil det vart klårt at flygaren Francis Gary Powers var teken til fange. Han vart dømd til 10 års fengsel for spionasje. U2-saka førte direkte til at Nikita Khrusjtsjov avlyste eit toppmøte i Paris. Hendinga forverra tilhøvet aust-vest under den kalde krigen. Noreg protesterte overfor USA mot at flyet skulle ha landa i Bodø.

Hendinga[endre | endre wikiteksten]

Den 1. mai 1960, femten dagar før den planlagde opninga av Aust-Vest-konferansen i Paris, letta eit amerikansk spionfly frå Peshawar i Pakistan, med Francis Gary Powers ved spakane. Planen var at flyet skulle fly over Sovjetunionen og deretter landa i Bodø. Oppdraget gjekk ut på å fotografera ICBMer under utplassering i området rundt Sverdlovsk og Plesetsk i Arkhangelsk-området.

Flyet vart ført ut av Pakistan av Francis Powers, medan oberst Marty Knutson venta i Bodø, for å overta flyet og fly det vidare, ut av Noreg.

Det hadde tidlegare vorte gjort fleire forsøk på å skyta ned flyet, men dette hadde mislukkast fordi flyet opererte i ei ekstrem høgd i tilhøve til dei fleste andre kjende fly. Nokre få typar rakettluftskyts var istand til å nå opp til flyet, men ved å unngå å koma for nær rampene, og ved å unngå å gje desse nok varslingstid, hadde dei tidlegare flygningane lukkast. Under denne flyturen var det lagt inn ein sving som førte flyet innom rekkjevidda til eit rakettbatteri to gonger.

Då flyet vart oppdaga, vart det skote til saman 14 SA–2 Guideline bakke-til-luft-missil, og eitt av desse detonerte tilstrekkeleg nær flyet. Viktor Belenko, ein russisk avhoppar, har seinare fortalt at ein sovjetisk jagar som forfølgde flyet vart treft av eit av missila.[1] Flyet vart kraftig skadd og krasja djupt inne i Sovjetunionen, nær Sverdlovsk. Powers hoppa ut og landa i fallskjerm, utan å utløysa sjølvøydeleggingsmekanismen til flyet. Det er seinare trudd at han frykta at mekanismen ikkje hadde den påståtte forseinkinga.

Amerikanske forsøk på å dekka over hendinga[endre | endre wikiteksten]

Vrakrestar etter Francis Gary Powers’ U–2.
Restar etter U–2 hendinga utstilt ved The National Cryptologic Museum.

Fire dagar etter at Powers forsvann over Sovjetunionen gav NASA ut ei detaljert pressemelding om at eit fly hadde forsvunne nord for Tyrkia.[2] I pressemeldinga vart det spekulert om piloten hadde fått problem med oksygentilførselen og besvimt medan autopiloten var påslått. Det fremgikk at piloten hadde rapportert om slike problem, «the pilot reported over the emergency frequency that he was experiencing oxygen difficulties». For å gjera historia truleg, vart ein annan U–2, målt om i NASAs fargar, vist fram for media.

Då dette vart kjent, fortalde Khrusjtsjov det øvste sovjetet at eit spionfly var vorte skote ned. Kort etter kom det ei amerikansk utsegn om at flyet var eit forskningsfly, brukt for å samla inn værdata, og at det hadde kome på avvegar og hamna i Sovjetunionen etter at piloten fekk problem med oksygentilførselen. Det kvite hus antok at Powers var død og antok at Khrusjtsjov refererte til det same flyet. Samstundes uttalte dei at «there was absolutely no deliberate attempt to violate Soviet airspace and never havast been», og annonserte at dei gjenverande flyene var sett på bakken og vart grundig undersøkt for moglege «oxygen problem sitt».

7. mai annonserte Khrusjtsjov:[3]

Jeg må fortelle en hemmelighet. Da jeg først fortalte om hendelsen så fortalte jeg bevisst ikke at piloten var i live og uskadd… og se nå på hvor mange dumme ting. (I must tell you a secret. When I made my first report I deliberately did not say that the pilot was alive and well… and now just look how many silly things [amerikanerne har sagt].

Ikkje berre var Powers i live, men flyet var meir eller mindre intakt. Sjølv fotoutrustningen frå flyet vart funne og bileta framkalla. Powers' overlevelsespakke, innehaldande 7500 rublar og smykke for bestikkelser, vart funne. I dag er restar av flyet utstilt i Sentralmuseet for dei væpna styrkane i Moskva. Nokre delar er returnert til USA og er utstilt i The National Cryptologic Museum.[4]

Ringverknader[endre | endre wikiteksten]

Møtet mellom Dwight Eisenhower og Nikita Khrusjtsjov under Aust-vest-konferansen i Paris fall saman. Det er trudd at hovudgrunnen var at Eisenhower ikkje gav nokon innrøming eller beklagelsar ovanfor Khrusjtsjov, noko han kravde. Khrusjtsjov forlét samtalane 16. mai.

Powers sa seg skyldig i tiltalene og vart dømt for spionasje 19. august, og vart deretter idømt 3 års fengsel og 7 års tvangsarbeid. Han sona eitt år og ni månader før han vart utveksla med Rudolf Abel, den 10. februar 1962. Utvekslinga skjedde på Glienicker Brücke, som går frå Potsdam i tidlegare DDR til Vest-Berlin.

Eit anna resultat av nedskytningen var at det amerikanske spionsatellittprogrammet Corona vart akselerert, samstundes som at CIA akselererte utvikling og utstasjonering av A–12 OXCART. Dette flyet vart seinare omarbeidd til det meir kjende SR-71. For operasjonar i spesielt utsette område vart den umanna dronen Lockheed D-21/M-21 utvikla.

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

Hendinga vart i 2015 dramatisert for film av Steven Spielberg, under tittelen Bridge of Spies.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Deep Black: Space Espionage and National Security. Random House. ISBN 0-394-54124-3. 
  2. «The U–2 Program: A Russian Officer Remembers». 
  3. THE SECRET TEAM - The CIA and Its Allies in Control of the United States and the World. 
  4. «U–2 Incident». Arkivert frå originalen 7. mars 2004. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]