UEFA-cupfinalen i fotball 2009

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane. Sjakhtar Donetsk i oransje fargar

Finalen i UEFA-cupen i fotball 2009 fann stad på Şükrü Saracoğlu Stadı i Istanbul 20. mai 2009 framfor 37 357 tilskodarar. Sjakhtar Donetsk frå Ukraina møtte tyske Werder Bremen til dyst i det som var den 38. og siste finalen i UEFA-cupen. Kampen om pokalen tok 120 minuttar og vart vunne av Sjakhtar Donetsk med 2-1.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Aller tre måla vart skåra av brasilianarar. I det 25. minutt fanga Luiz Adriano opp eit framspel, drog seg fri og lobba inn det fyrste Sjakhtar-målet frå 12-13 meter. Ti minuttar seinare utlikna Naldo Rodrigues til 1-1 på eit frispark frå 25 meter, eit skot Sjakhtar-målvakta fomla inn i nettet. Sju minuttar ut i ekstraomgangane avgjorde Jádson da Silva kamputfallet med eit laust skot frå 10 meters hald, Werder-målvakta snerta ballen utan å stoppe ferda over mållinja.

Den avgjorde skåringa i kampen. Målskåraren Jádson da Silva i oransje midt framom målburet

Då den 45 år gamle spanske dommaren Luis Medina Cantalejo bles av etter 120 minuttar, var 38 år med eit stykke europeisk fotballsoge over.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Sjakhtar Donetsk sitt historiske mannskap bestod av Andrij Pjatov, Darijo Srna (kaptein), Oleksandr Kutsjer, Dmytro Tsjyhrynskyj, Răzvan Raţ, Mariusz Lewandowski, Jádson da Silva, Fernando Luiz Roza, Ilsinho Júnior, Luiz Adriano, Willian Borges da Silva og innbytarane Oleksandr Hladkyj, Oleksij Haj, Igor Duljaj.

Werder Bremen mønstra Tim Wiese, Clemens Fritz, Sebastian Prödl, Naldo Rodrigues, Sebastian Boenisch, Peter Niemayer, Torsten Frings, Frank Baumann (kaptein), Mesut Özil, Claudio Pizarro, Markus Rosenberg, Aaron Hunt, Petri Pasanen, Aléxandros Tziólis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]