Ubåtklassen Akula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akula-klasse ubåt
Ubåt av Akula-klassen Vepr (Villsvin)

Akula-klassen (russisk Project 971 Щука-Б (Shchuka-B), sjtsjuuka tyder 'gjedde') er ei russisk atomdriven ubåtklasse. Akula-klassa vart teken i bruk av den sovjetiske marinen i 1986.

Det er tre underklasser av Akula-klassa: Dei første sju Akula-I bygde mellom 1982 og 1986, fem «forbetra Akula» bygde mellom 1986 og 1991 og fire Akula-II bygde frå 1991. Denne inndelinga er omdiskutert, då skilnaden mellom «forbetra Akula» og Akula-II vert debattert av ekspertar.[treng kjelde]

Akula-klassa har dobbelt skrog og er i stand til å dykka djupare enn nokon moderne angrepsubåt; ein rekner med at dykkedjupna er 450 meter. Akula er òg den mest stillegåande russiske angrepsubåten.[treng kjelde] Den markante bulben som kan sjåast atter, over roret til båtane, er sonar som vert slept.

AkulaSchema2.svg

Alle fartøya i Akula-klassa er bestykka med fire 533-millimeter torpedorøyr som kan ta Type 53-torpedoar eller RPK-2 Viyuga kryssarmissil (NATO-nemning SS-N-15 Starfish).

Leige til India[endre | endre wikiteksten]

India skal ha betalt 2 milliardar dollar for ferdigstilling av to Akula-II som var 80 % ferdigbygde. 300 indiske undervassbåtekspertar vart trena i Russland for nytta av Akula-klasse-ubåtar.[1] Den første av ubåtane som skal overleverast får namnet INS «Chakra» og ligg no til ferdigstilling ved den russiske stillehavsflåten.[treng kjelde]

Mens dei russiske Akula-klasse-undervassbåtane er utstyrde med inntil 28 kryssarmissil med ein angrepsradius på 3 000 kilometer, er det angjeve at den indiske versjonen er utstyrt med missilet 3M-54 Klub med ein angrepsradius på 300 kilometer. Russland kan ikkje eksportera missil med større rekkjevidd utan å bryta MTCR-avtala.[treng kjelde]

Den 8. november 2008 vart det meldt at den russiske Akula-klasse-undervassbåten K 152 Nerpa, som var nær ferdigstilling for overlevering til India som INS «Chakra», hadde hatt ei ulukke med utløysing av delar av freonanlegget til fartøyet (for brannslukking) og 20 menneske hadde døydd.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Project 971 Shuka-B Bars-class - Akula class - Attack Submarine (Nuclear Powered). Globalsecurity.com
  2. Aftenposten[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]