Ukhtaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ukhta
elv
Ukhta River View from the road Ukhta-Sosnogorsk.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 4 510 km²
Lengd 199 km
Middelvassføring 48,9 /s
Kjelde Timanhøgdene
Munning Izjma
Wikimedia Commons: Ukhta River

Ukhta (russisk Ухта) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Izjma frå venstre i nedslagsfeltet til Petsjora. Ho er 199 km lang og har eit nedslagsfelt på 4510 km² og ei middelvassføring på 48,9 m³/s 13 km frå munningen.

Elva frys til i månadsskiftet oktober-november og vert isfri att i mai/juni.

Ukhta har utspring i Timanhøgdene. Ho renn først mot sør og seinare mot aust. Ho renn gjennom byen Ukhta og munnar ut i Izjma ved byen Sosnogorsk. Elva er stri med fleire stryk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]