Ukhta
Utsjånad
- Sjå òg Utah.
Ukhta | |||
Ухта | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Komi | ||
Høgd | 100 m | ||
Areal | 13 200 km² | ||
Folketal | 77 187 (1. januar 2024) | ||
Grunnlagd | 1929 | ||
• Bystatus | 1943 | ||
Postnummer | 169300–169319 | ||
Retningsnummer | (+7)82147 | ||
![]() Ukhta 63°34′00″N 53°42′00″E / 63.566666666667°N 53.7°E | |||
Wikimedia Commons: Ukhta |
Ukhta (russisk Ухта) er ein viktig industriby i Republikken Komi nordvest i Russland.
Byen ligg ved Ukhtaelva, der landsbyen Tsjibju vart bygd opp frå 1929. I 1939 vart namnet endra til Ukhta. Tettstaden fekk bystatus 1943, då han vart knytt til Petsjora-jarnvegen.
Ukhta ligg ved elva Petsjora. Området er viktig for utvinning av olje og naturgass. Noko av dette vert raffinert lokalt. Mestedelen vert frakta gjennom røyrleidningar til oljeraffineri mellom St. Petersburg og Moskva.
Byen auka i flatevidd og folketal i 1940-åra og 1950-åra, mykje på grunn av utkommanderte tvangsarbeidarar. Mange av desse var politiske fangar, sende der medan Josef Stalin styrde Sovjetunionen. I 2001 var folketalet i byen på kring 112 000.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |