Ukrainarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ukrainarar frå Podolia tidleg på 1900-talet.

Ukrainarar (ukrainsk українці, 'ukrajintsi') er ei aust-slavisk folkegruppe. Dei bur hovudsakleg i Ukraina og har ukrainsk som morsmål. Medan det òg er vanleg å kalla alle innbyggjarane i Ukraina for ukrainarar, er det berre 77,8 % av dei som er ukrainarar i etnisk forstand.

Det finst om lag 45 millionar ukrainarar i verda. Ved folketeljinga i Ukraina i 2001 oppgav 37 541 693 menneske å vera av ukrainsk etnisitet. Dette utgjorde 77,8 % av folkesetnaden i Ukraina.[1] Størstedelen av områda der det bur ukrainarar har vore underlagt russisk styre i fleire hundreår, noko som har ført til ei viss russifisering av ukrainarane. I 2001 oppga 14,8 % av dei som oppga ukrainsk etnisitet at morsmålet deira var russisk, resten snakka ukrainsk som morsmål.[2]

Det finst òg minoritetar av ukrainarar i mange av dei tidlegare sovjetrepublikkane. Folketeljinga i Russland i 2010 viste 1 928 000 ukrainarar i Russland,[3] i Kasakhstan i 1999 var det 547 000 ukrainarar, i Moldova er det om lag 375 000 ukrainarar og i Kviterussland om lag 248 000.

Av utvandrargrupper av ukrainsk opphav finst det om lag 1 100 000 i Canada, 1 000 000 i Brasil og 900 000 i USA.

Ukrainarane har tradisjonelt vore ortodokse kristne, anten tilknytt Moskva-patriarkatet eller eit eige patriarkat i Kyiv, men ein del av ukrainarane har òg tradisjonelt vore katolske kristne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. ukrcensus.gov.ua, arkivert frå originalen 2004-10-31, henta 15. april 2008 
  2. ukrcensus.gov.ua, arkivert frå originalen 2004-11-01, henta 15. april 2008 
  3. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ukrainarar