Ulan-Ude
| Ulan-Ude | |||
| Улан-Удэ | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Burjatia | ||
| Høgd | 530 m | ||
| Areal | 347,6 km² | ||
| Folketal | 435 067 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1666 | ||
| • Bystatus | 1775 | ||
| Postnummer | 670000–670051 | ||
| Retningsnummer | (+7) 3012 | ||
| Bilnummer | 03 | ||
![]() Ulan-Ude 51°49′38″N 107°36′23″E / 51.827222222222°N 107.60638888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Ulan-Ude | |||
Ulan-Ude[a] er hovudstaden i Republikken Burjatia i Russland. Han ligg rundt 4500 km aust for Moskva og 100 km søraust for Bajkalsjøen. Byen har om lag 435 000 innbyggjarar.
Han ligg ved foten av fjellkjedene Khamar-Daban og Ulan-Burgasy-fjella, like ved staden der elva Selenga renn saman med sideelva Uda som deler byen i to.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden Udinskoje (russisk Удинское) vart grunnlagd i 1666 som ein overvintringsstasjon av kosakkar. I 1775 fekk han byrettar under namnet Udinsk, som vart endra til Verkhneudinsk (russisk Верхнеу́динск) i 1783. På grunn av den geografiske plasseringa voks byen raskt og vart eit viktig handelssenter som knytte Russland til Kina og Mongolia. Etter ein stor brann i 1878 vart byen gjenoppbygd heilt frå grunnen av. 27. juli 1934 fekk byen det noverande noverande namn Ulan-Ude (burjatisk for Raude Uda).
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Byen er det kulturelle og økonomiske senter i Transbajkal-området.
I Ulan-Ude ligg Den statlege flyfabrikk Nr. 99 , som mellom anna produserer flytypane Mil Mi-14,Mil Mi-8 og Su-25.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Ulan-Ude er eit knutepunkt mellom den transsibirske og den transmongolske jernbanen.
Ulan-Ude lufthamn (Mukhino) ligg 10 km vest for bysentrum, medan den mindre Ulan-Ude Vostotsjnyj lufthamn ligg 12 km mot aust.
Innanfor byen består kollektivtrafikken av trikkar, bussar og marsjrutka (rutetaxi).
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Ikkje langt frå Ulan-Ude, nær landsbyen Ivolginsk, ligg eit buddhistisk kloster (Dazan). Byen har òg eit etnografisk museum, som viser det historiske tilværet av dei forskjellige folkegruppene i regionen: evenkar, urinnvånarane i området, burjatar, eit mongolsk folk som tradisjonelt vedkjenner seg Vajrayana-buddhismen, Semejskije, eit trussamfunn av såkalla gammaltruande og russarar.
Byen er òg kjent for det monumentale minnesmerket over Vladimir Lenin på det sentrale torget i byen, det største Leninhovudet i verda.
Langs elvebreiddene i det historiske sentrumet i byen ligg gamle herskapshus til handelsmenn, rikt dekorert med utskjeringar i tre og stein. Dei representerer utsøkte døme på russisk klassisisme.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Byen har mange institusjonar for høgare utdanning, mellom anna Burjatia statlege jordbruksakademi, Burjatia statlege universitet, Austsibirske statlege akademi for kultur og kunst og Austsibirske statlege teknologiske universitet.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Odigitrievskij-katedralen i Ulan-Ude.
- Leninhovudet i Ulan Ude.
- Eit trehus i Ulan-Ude.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
