Ullensaker/Kisa Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ullensaker/Kisa IL)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ull./Kisa
Fullt namnUllensaker/Kisa Idrettslag
KallenamnUll-Kisa, Kisa
Grunnlagd16. desember 1894
HeimebaneUKI Arena
StyreleiarOle Kristian Wiig[1]
HovudtrenarRoar Johansen
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Ullensaker/Kisa Idrettslag, ofte forkorta Ull/Kisa, er eit idrettslag som driv med fotball, handball, friidrett og innebandy. Idrettslaget held til på Jessheim i Ullensaker kommune, og vart grunnlagd 16. desember 1894.

Fotballaget til Ullensaker/Kisa spelar denne sesongen i OBOS-ligaen. Noverande hovudtrenar er Roar Johansen.

A-laget til Ull/Kisa spelar med gul overtrøye og grøn shorts med gule strømper. Dei har lenge hatt som mål om å rykke opp i Adeccoligaen. Klubben har gode lag i aldersbestemte klassar og gjer eit godt arbeid med unge, lovande fotballspelarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ullensaker Skiklubb vart stifta 16. desember 1894, men ein fotballklubb såg ikkje dagens lys før 13 år seinare, i 1907. Denne vart etter kvart nedlagt, men fekk ein arvtakar i 1916. I 1921 vart Ski- og fotballklubbane ein del av den nye samanslåinga Jessheim Turn & IF, som same år kjøpte området der dagens idrettspark ligg. Sju år seinare, i 1928, vart namnet endra til Ullensaker IL, og i 1945 til Ullensaker AIL. Kisa IF var stifta i 1923 og bygde bane på Holmsletta ved Gystad i 1932. Klubbane slo seg saman i 1947, og i 1951 vart det lagt gras på Jessheim Stadion. 1 august 2011 opna Ull/Kisa sitt nye stadion på Gystadmarka, aust for Jessheim sentrum.

28. mai 2009 stod Ull/Kisa for årets cupbombe då dei i 2. runde slo Sandefjord Fotball 1-0. Målet vart scora av Mats Jarnbjo etter 61. minutt, på eitt langskot. I 3. runde vart Vålerenga Fotball for sterke, og Ull/Kisa tapte til slutt 3-5 på Ullevaal Stadion. Eirik Soltvedt scora alle måla for Ull/Kisa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Styret». Ull/Kisa IL. Henta 19. august 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]