Raufoss Fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raufoss
Fullt namnRaufoss Fotball
Grunnlagd1918
HeimebaneRaufoss Storhall
(kapasitet: 2500)
StyreleiarAage Larsstuen
HovudtrenarEspen Haug
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Raufoss Fotball er eit fotballag frå Raufoss i Vestre Toten. Klubben spelar denne sesongen i OBOS-ligaen.

Laget spelte på øvste nivå i 1964, 1973 og 1974 og har spelt i mange år på nest øvste nivå, mellom anna i perioden 1998 til 2004. Laget kom på fjerdeplass både i 2000 og 2003, på femteplass i 2001 og på sjetteplass i 2002. I 2004 rykte klubben ned til andre divisjon. I 2006 rykte klubben opp igjen til Adeccoligaen, der dei i 2007 enda på 11. plass. Dei fekk derimot ikkje fornya lisensen for sesongen 2008, og vart dermed det første norske laget som vart tvangsdegradert frå Adeccoligaen til 2. divisjon.[1]

Laget kom til semifinale i cupen i 1977. I kvartfinalen spelte laget uavgjort mot Moss både på heime- og bortebane, før det vart siger 2-1 på nøytral bane på Ullevaal stadion. I semifinalen vart det heimetap 1-3 mot Lillestrøm, som vann cupen det året. Seinare har Raufoss spelt kvartfinale i både 1999 og 2003, begge gangane vart det bortetap mot Tromsø. I 2006 måtte Rosenborg ha ekstraomgangar for å slå laget på Lerkendal i 3. runde i cupen.

Opp gjennom åra har mange kjente fotballspelarar teke på seg den gule og svarte drakta. Sommaren 2011 hadde ein ei større avstemming om kven som er dei aller største. Topp 25-lista vart som følgjer, frå nr 1 og nedover: Svein Grøndalen, Bente Nordby, Roy Strandbakke, Knut Dahlen, Espen Haug, Dag Oppjordsmoen, Svein Bredo Østlien, Erik Østeng, Tom Løkken, Christian Johnsen, Stein Kollshaugen, Kai Breiskallbakken, Bjørnar Ottesen, John Mair, Kai Erik Moen, Petter Senstad, Johan Arneng, Tommy Fyhn, Erik Langedal, Torfinn Østeng, Knut Befring, Pål Strand, Helge Magne Øvstetun, Jarl Andre Storbæk og Rickard Claesson.

Andre kjende spelarar er mellom andre: Dime Jankolowski, John Anders Bjørkøy, Remond Mendy, Christian Hemberg, Adem Güven, Marino Rahmberg, Andreas Anderson, Mathias Andersson, Jesper Ljung, Haralddur Ingolfsson og Aljoša Vojnovic.

Følgjande Raufosspelarar har landskampar: Knut Dahlen, Svein Bredo Østlien, Roy Strandbakke, Svein Grøndalen, Bente Nordby, Pål Strand og Jarl Andrè Storbæk.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 1. juli 2020[2] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg K Ole Kristian Lauvli
2 Flagget til Noreg F Edvard Race
3 Flagget til Noreg F Amund Møllerhagen
4 Flagget til Noreg F Stian Simenstad
5 Flagget til Noreg F Marius Svanberg Alm
6 Flagget til Noreg MB Snorre Strand Nilsen
7 Flagget til Elfenbeinskysten MB Emile Noe Dadjo
8 Flagget til Noreg MB Matias Belli Moldskred
9 Flagget til Danmark MB Lee Rochester Sørensen
10 Flagget til Noreg MB Ryan Doghman
11 Flagget til Noreg MB Nicolai Fremstad
12 Flagget til Noreg K David Martinius Glemmestad Synstelien
Nr. Posisjon Spelar
14 Flagget til Noreg A Oskar J. Løken
15 Flagget til Noreg MB Martin Heiberg
16 Flagget til Noreg F Emil Breivik (på lån fra Molde)
17 Flagget til Ghana MB Salomon Owusu
18 Flagget til Singapore A Ikhsan Fandi
19 Flagget til Noreg MB Tobias Sagstuen Andersen
20 Flagget til Noreg MB Gard Simenstad
21 Flagget til Noreg MB Lasse Berg Johnsen
22 Flagget til Noreg MB Kristoffer Nessø
23 Flagget til Noreg K Rino Lund Johnsen
32 Flagget til Noreg A Håkon Bjørdal Leine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raufoss må spele i 2. divisjon – Aftenposten 11. desember 2007
  2. A-laget spillere

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]