Stjørdals-Blink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Idrettslaget Stjørdals-Blink er eit idrettslag heimehøyrande på Stjørdalshalsen i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Idrettslaget vart stifta i 1956, då Stjørdal Idrettslag og Idrettslaget Blink slo seg saman i eitt lag.

Stjørdals-Blink har avdelingar for fotball, friidrett, handball, orientering, skeiseløp, skiidrett, sykling, symjing, turn og volleyball. Sidan 2012 er Blinkbanen Stjørdals-Blink sitt fotballstadion, fram til dess spelte laget på Øverlands Minde, oppkalla etter ordførar og stortingsmann Bernhard Øverland.

Idrettslaget spelar i raude trøyer og svarte bukser.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fotballjuniorane til Stjørdals-Blink spelte seg fram til NM-finale i både 1976 og 1977, men tapte begge gongane, mot høvesvis Fredrikstad FK og Mjøndalen IF.

Frode Rønning og Bjørg Eva Jensen vart norske meistrar då Sprint-NM på skøyter 1982 vart arrangert på Øverlands Minde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]