Ulrich Beck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulrich Beck
Beck-St-Gallen-Symposium.png
Fødd15. mai 1944
Słupsk
Død1. januar 2015
München
NasjonalitetTyskland
Områdesosiologi
Yrkesosiolog, universitetslærar
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
Universitetet i Münster
London School of Economics
Alma materLudwig-Maximilians-Universität München
EktefelleElisabeth Beck-Gernsheim
MedlemQ1371235

Ulrich Beck (15. mai 19441. januar 2015) var ein tysk sosiolog, fødd i Stolp i dagens Polen og død i München. Han vart vide kjend for verket Risikogesellschaft. Auf dem Weg in eine andere Moderne, ei bok som vart publisert i 1986 og er omsett til 35 språk. Her skildra han mellom anna avtradisjonaliseringa av livsformene i industrisamfunnet og avstandardiseringa av lønsarbeidet samt nye og individualiserte livssituasjonar og livsmønster. Beck kritiserte sosiologien for å nytte seg av synsvinklar låste til nasjonalstatlege tilhøve og terminologiar. Dei teknisk-økonomiske framstega oppnådd i industrisamfunnet, som til dømes bruken av atomkraft, fann han hadde utilsikta biverknader på overnasjonalt og globalt nivå. Fylgjene av grenseoverskridande miljøproblem og globalisering spela ei viktig rolle for Beck når han utvikla sine samfunnsteoriar.

Risiko og frihet, ei bok basert på tekstar frå fleire av Becks verk, kom på norsk bokmål i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]