Słupsk
Słupsk | |||
by | |||
Rådhuset.
Foto: Maria Golinski | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Pommerske voivodskap | ||
Høgd | 22 m | ||
Areal | 52,72 km² | ||
Folketal | 87 660 (31. mars 2021)[1] | ||
Grunnlagd | 900-talet | ||
• Byrettar | 1265 | ||
Postnummer | 76-200 til 76-210, 76-215, 76-216, 76-218, 76-280 | ||
Retningsnummer | +48 059 | ||
Bilnummer | GS | ||
![]() Słupsk 54°28′00″N 17°02′00″E / 54.466666666667°N 17.033333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Słupsk |
Słupsk (tysk Stolp in Pommern[2]) er ein by i Pommerske voivodskap nord i Polen. Før 1999 var han hovudstad i Słupsk voivodskap. Han er òg ein del av den historiske regionen Pommern.
Byen ligg nordvest i landet ved Koszalin-kysten, 18 km frå Austersjøen ved Słupia. Byen har om lag 90 000 innbyggjarar. Byen grensar til to kommunar (gmina), Gmina Kobylnica og Gmina Słupsk. Det pågår diskusjonar om byen skal utvidast og innlemme desse to kommunane.[3]
Słupsk fekk byrettar, truleg frå Świętopełk II, hertugen av Gdańsk (Danzig), i 1265, og vart utvida i 1310 og stadfesta i 1313 av markgreven av Brandenburg.[4] På den tida hadde byen vorte eit senter for lokal administrasjon, handel og eit medlem av Hansaen. Mellom 1368 og 1478 var han hovudstad i Hertugdømet Stolp, og kom så inn under Hertugdømet Pommern. I 1648 sin følgje av fredsavtalen i Osnabrück, vart Słupsk og det omliggande området gjeve til Brandenburg-Preussen og vart seinare ein del av provinsen Pommern. Byen vart del av Polen i 1945.[5]
Folk frå Słupsk
[endre | endre wikiteksten]- Ulrich Beck (1944–2015), sosiolog
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Słupsk» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://bdl.stat.gov.pl/api/v1/data/localities/by-unit/042214163011-0977278?var-id=1639616&format=jsonapi; vitjingsdato: 6. oktober 2022; filformat: JSON.
- ↑ «Stolp.de» (på tysk). Henta 12. april 2008.
- ↑ «Ekspansja miast» (på polsk). Henta 12. april 2008.
- ↑ «Słupsk.pl: Historia Słupska do roku 1945» (på polsk). Henta 12. april 2008.
- ↑ Piskorski, Jan M. (1999). Pomorze Zachodnie poprzez wieki (på polsk).