Ulsteinfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ulsteinfjorden er ein liten fjord på vestsida av Hareidlandet i Ulstein kommuneSunnmøre. Fjorden strekkjer seg om lag 4,5 km sørover frå Rundafjorden til Ulsteinvik som er kommunesenteret i kommunen.

Fjorden har innløp i nord mellom Vattøya i vest og Gåsneset i aust og endar ved Kloholmane og Hatløya i sør. Vest for Ulsteinfjorden ligg Bøfjorden på austsida av Leinøya.