Hareidlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hareidlandet
Geografi
Norway - Hareidlandet.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°21′N 05°57′EKoordinatar: 62°21′N 05°57′E

Areal 166 km²

Høgaste punkt Blåtinden (697 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Ulsteinvik (6201 innb.)

Hareidlandet er den største øya på Sunnmøre. I gammal tid var namnet på øya Hǫð. På moderne norsk vert skrivemåten Hod og på moderne islandsk Höð. Flatemålet er vel 166 kvadratkilometer. Øya ligg i kommunane Hareid og Ulstein. Innbyggjartalet er om lag 12 000 (2015), Det får ei lita bru over til Dimna med 1 398 innbyggjarar (2015). Utanom Dimna har Hareidlandet samband med Gurskøya over Dragsundbrua og vidare utover mot Fosnavåg går det bruer heilt til den fagre øya Runde . Eiksundsambandet knyter Hareidlandet til fastlandet. Først med bru over til øya Eika i Ulstein og dernest med undersjøisk tunnel under Vartdalsfjorden til Ørsta og Volda. Eiksundtunnelen er verdas djupaste undersjøiske vegtunnel og går 287 meter under havet.

Det er fire tettstader på øya. Ulsteinvik, som har bystatus, har 5 376 innbyggjarar. Dei andre tettstadane er Hareid med 3 281 innbyggjarar, Hjørungavåg med 730 innbyggjarar og Brandal med 343 innbyggjarar. Tala er frå 2015. Delar av Sundgot (972 innb.) og Dragsund (380 innb. ) ligg også på Hareidlandet.

Ulsteinvik er eit viktig senter for maritim industri, både nasjonalt og internasjonalt, og er også eit viktig handelssenter. Frå Hareid er det hurtigbåtsamband til Valderøya i Giske kommune og til Ålesund. Frå Hareid er det også ferjesamband til Sulesund i Sula kommune.

Mange meiner at slaget i det historiske Hjörungavágr (Ca år 986) stod utanfor Liavågen i Hareid. I tråd med denne teorien har bygda skifta namn til Hjørungavåg.

Høgste fjellet på øya er Blåtinden (697 moh.) i Ulstein, nest høgste er Kongsvollen (683 moh.), som er grensefjell mellom Ulstein og Hareid. Deretter kjem fjella Melshornet (668 moh.) i Hareid og Garnestua (654 moh) i Ulstein.

Den største innsjøen er Snipsøyrvatnet, som er 3,19 kvadratkilometer.

Hareidlandet med bygdelaga Hjørungavåg, Hareid og Brandal, sett frå aust
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!