Ulvangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°3′52.499″N 12°37′13.958″E

Sandnessjøen og Ulvangen sett frå Løkvika på Angersneset
Ulvangen sett frå Skorpa. Angersneset til venstre, Alsta med Helgelandsbrua til høgre; framom brua kan ein skimte Ulvangsøya.

Ulvangen er ein om lag 4 km lang fjord i Leirfjord på Helgeland. Ved fjordbotnen ligg garden Ulvangen, nord for fjorden ligg Angersneset og sør for fjorden Ulvangsøya, ei smal landtunge som skil Ulvangen frå Meisfjorden.

Ulvangen er òg namnet på kystfjorden mellom Dønna og fastlandet; denne kystfjorden ligg nordaust og sørvest for fjordarmen med same namnet, frå Alsta og Skorpa til Løkta, og er om lag 15 km lang.

Ferja frå Sandnessjøen til Bjørn (Dønna) og Løkta kryssar Ulvangen.

Namnet er samansett av dyrenamnet ulfr, 'ulv', og endinga angr, 'trong vik, fjord'[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]