Undheim kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Undheim kyrkje
kyrkje
Foto: Jarle Vines
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Jæren
Sokn Undheim
Fellesråd Time
Teknikk Mur
Stopul Ja
Sitjeplassar 300 + 40
Kart
Undheim kyrkje
58°40′59″N 5°46′44″E / 58.68305556°N 5.77888889°E / 58.68305556; 5.77888889
Wikimedia Commons: Undheim kirke

Undheim kyrkje eller Undheimkyrkja (opphaveleg Undheim kapell) er ei kyrkje i Time kommune i Rogaland fylke som vart innvigd 9. desember 2001. Kyrkja avløyste eit kapell frå 1921 som brann ned 10. juli 1998. Byggverket frå 1921[1] var i tre og hadde 260 sitjeplassar.

Den nye kyrkja vart flytta noko lengre nord samstundes som ho vart lagd i nord/sør-retning med inngang frå sør. Kyrkja er teikna av Signatur Arkitekter (seinare fusjonert inn i Link Arkitektur). Det er 300 sitjeplassar i kyrkjesalen og 40 på galleriet. Kyrkja har førebels eit elektronisk orgel.[2] Taket vart tekt om i 2018.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Avbilda i Digitalt museum.
  2. Om Undheim kapell og bedehus[daud lenkje]
  3. Bygmeister P. Undheim, arkivert frå originalen 25. oktober 2020, henta 20. september 2020