Hopp til innhald

Unforgettable av Marcus & Martinus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Unforgettable»
Song av Marcus & Martinus

Land Sverige, Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 2. mars 2024
Sjanger Pop
Lengd 02:48
Selskap Universal Music
Komponist Jimmy Joker, Joy Deb, Linnea Deb
Tekstforfattar Jimmy Joker, Joy Deb, Linnea Deb
Låtskrivar(ar) Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Joy Deb, Linnea Deb, Marcus Gunnarsen, Martinus Gunnarsen

«Unforgettable» (norsk omsetjing 'uforgløymeleg') er ein popsong frå 2024 med den norske popduoen Marcus & Martinus. Songen blei gjeven 2. mars 2024 og vann svenske Melodifestivalen same år.[1][2] Med sigeren i Melodifestivalen blei «Unforgettable» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Marcus & Martinus skreiv «Unforgettable» saman med låtskrivarane Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Joy Deb og Linnea Deb.

«Unforgettable» blei send inn til SVT sin songkonkurranse Melodifestivalen 2024. Der blei han plukka ut til å delta blant 30 deltakarlåtar.[3][4] Marcus & Martinus deltok i Melodifestivalen året før, med songen «Air».[5][6][7] Der enda dei på andreplass, bak Loreen og «Tattoo», som til slutt vann Eurovision Song Contest 2023.[8]

Marcus & Martinus vann den femte delfinalen laurdag 2. mars 2024, og før finalen var «Unforgettable» den store favoritten til å vinne Melodifestivalen.[9][10] Songen innfridde favorittstempelet og vann Melodifestivalen 9. mars 2024.[11][12] Som vinnar av Melodifestivalen blei «Unforgettable» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2024.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Som vertsnasjon for Eurovision Song Contest 2024 var Sverige direktekvalifisert til finalen i Malmö Arena laurdag 11. mai 2024. I finalen var Sverige det fyrste landet ut på scena av 25 bidrag.[13]

I juryavrøystinga enda Sverige på ein åttandeplass og ein ellevteplass i telefonavrøystinga. Samla sett enda Sverige på ein niandeplass i konkurransen med 174 poeng. Den norske jurygruppa gav tre poeng til «Unforgettable», mens dei norske sjåarane gav ti poeng.[14][15]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2024) Høgaste
plassering
 Estland (TopHit Airplay)[16] 74
 Hellas (IFPI Greece, internasjonal musikk)[17] 89
 Irland (IRMA)[18] 92
 Litauen (AGATA)[19] 10
 Noreg (VG-lista)[20] 26
 Storbritannia (UK Singles Chart)[21] 38
 Sverige (Sverigetopplistan)[22] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vinnare i Melodifestivalen 2024 – Marcus & Martinus». SVT. Henta 10. april 2024. 
  2. «Marcus og Martinus ble historiske: – Vi skal gjøre alle stolte». NRK. Henta 10. april 2024. 
  3. Andersson, Jan (1. desember 2023). «Här är artisterna som tävlar i Melodifestivalen 2024». Göteborgsposten. Henta 1. desember 2023. 
  4. «The 30 artists competing in Sweden's Melodifestivalen 2024». Eurovision.tv (European Broadcasting Union (EBU)). 1. desember 2023. Arkivert frå originalen 12. desember 2023. Henta 1. desember 2023. 
  5. «Marcus og Martinus klare for Melodifestivalen». TV2. Henta 10. april 2024. 
  6. Farren, Neil (30. november 2022). «Sweden: Melodifestivalen 2023 Line-Up Complete». Eurovoix (på engelsk). Arkivert frå originalen 30. november 2022. Henta 30. november 2022. 
  7. «Marcus & Martinus om Sverige-satsingen: – Kommer aldri til å glemme Norge». VG. Henta 10. april 2024. 
  8. «Marcus & Martinus på andreplass i svensk MGP: – Helt fantastisk». VG. Henta 10. april 2024. 
  9. «Marcus & Martinus gikk videre i «Melodifestivalen»: – Ti kilo lettere». TV2. Henta 10. april 2024. 
  10. Boswell, Kris (8. mars 2024). Norwegian twins favourites to win Swedish Melodifestivalen. Arkivert frå originalen 8. mars 2024. Henta 9. mars 2024 – via Sveriges Radio. 
  11. «Marcus & Martinus til topps i Sverige!». VG. Henta 10. april 2024. 
  12. «An 'Unforgettable' Eurovision for Sweden: Marcus & Martinus win 'Melodifestivalen'». eurovision.tv. 9. mars 2024. Arkivert frå originalen 9. mars 2024. Henta 9. mars 2024. 
  13. «Marcus & Martinus åpner Eurovision-finalen». TV2. Henta 19. mai 2024. 
  14. «Marcus og Martinus misfornøyd med bare tre poeng fra Norge». Dagsavisen. Henta 19. mai 2024. 
  15. «Results of the Grand Final of Malmö 2024». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 15. mai 2023. 
  16. «Top Radio Hits Estonia Weekly Chart: Apr 25, 2024». TopHit. 25. april 2024. Henta 13. mai 2024. 
  17. «Official IFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 19/2024» (på gresk). IFPI Greece. 15. mai 2024. Arkivert frå originalen 15. mai 2024. Henta 15. mai 2024. 
  18. «IRMA – Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 18. mai 2024. 
  19. «2024 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 17. mai 2024. Henta 17. mai 2024. 
  20. «Singel 2024 uke 11». VG-lista. Henta 16. mars 2024. 
  21. «Official Singles Sales Chart Top 100». Official Charts Company. Henta 18. mai 2024. 
  22. «Veckolista Singlar, vecka 11». Sverigetopplistan. Henta 15. mars 2024.