Unionsmerket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unionsmerket med kvadratisk form, slik det vart bruka i norske flagg 1844—1905.
«Sildesalaten» med svenske proprosjonar, brukt som felles orlogsgjøs og diplomatisk flagg 1844-1905.
Tradisjonell norsk sildesalat pynta med egg, raudbeter og persille. Dekoren var opphav til kallenamnet på unionsmerket.

Unionsmerket, med kallenamnet «Sildesalaten», var merket som stod i det øvste hjørnet nærast stonga i det norske og det svenske flagget i frå 1844 til 1898/1905. Det vart innført ved kongeleg resolusjon i felles norsk-svensk statsråd 20. juni 1844.

Namnet «sillsallaten» oppstod i Sverige; opphavsmannen til namnet skal ha vore C. O. Brakel, som brukte tilnamnet i nedsettande meining i ein tale på Riddarhuset i 1859. Folk i båe landa fann det treffande på grunn av likheten med ein sildesalat, ein populær rett på frukostbordet. Tradisjonelt vart denne retten pynta med radiære striper og sektorar av småhakka eggeplomme, eggekvite, sylteagurk, raudbeter og andre fargerike grønsaker.

Merket kombinerte dei svenske og norske flaggfargane i diagonaldelt form, dei svenske på venstre og høgre side, dei norske øvst og nedst. I norske flagg var merket kvadratisk. I svenske flagg var forholdet mellom lengde og høgd som 5 : 4. Unionsmerket var ein del av det norske handelsflagget i perioden 18441899 og i orlogsflagget og kongeflagget til 1905. Sverige brukte unionsmerket både i handelsflagget, statsflagget og orlogsflagget i perioden 18441905.

Unionsmerket aleine, med proporsjonane 5 : 4 som i svenske unionsflagg, vart frå 1844 brukt som felles orlogsgjøs og diplomatisk flagg for svenske og norske utenriksstasjonar og konsulat gjennom resten av unionstida.

Partiet Venstre programfesta kravet om «det reine flagget», og lovforslaget deira om dette vart vedteke med knapt fleirtal i 1893. Men kong Oscar II nekta å sanksjonere lova. Etter tredje gongs vedtak vart lova gjeldande trass i kongeleg sanksjonsnekting i norsk statsråd som kongeleg resolusjon 10. desember 1898, gjeldande frå 15. desember 1899.

Flagglova av 1898 innførte ein ny type flagg, det norske statsflagget, eit flagg med splitt og tunge, men utan unionsmerke, som skulle brukast på statens sivile bygningar og skip. I orlogsflagget heldt ein på unionsmerket fram til unionsoppløysinga, sidan det etter Grunnlova skulle vere eit unionsflagg. Det «reine» orlogsflagg vart heist på alle marinefartøy, militærleirar og festningar 9. juni 1905.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]