Unni-Lise Jonsmoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Unni Lise Jonsmoen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Unni-Lise Jonsmoen
Unni-Lise Jonsmoen.jpg
Fødd 21. april 1936
Oslo
Yrke illustratør, kunstmålar, skribent

Unni-Lise Jonsmoen (fødd 21. april 1936 i Oslo) er ein norsk målar, teiknar, barnebokforfatter og illustratør frå Alvdal. Ho har utdanning frå SHKS (Statens Kunst- og Håndverksskole) 1953-1957.

Jonsmoen har hatt ei rekkje utstillingar og utsmykningsoppdrag, særleg i Østerdalen. Ho har illustrert fleire bøker, både til egen tekst, til tekster av mannen sin, Ola Jonsmoen, og til andre forfattarar. Ho har teke imot ei rekkje stipend og har gjort studereiser til så ulike land som Mexico, Kina, Japan, Russland, fleire afrikanske statar, Island og Peru.

I 1966 mottok ho Kultur- og kyrkjedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for illustrasjonane til Halvor Flodens barnebok Tommeliten på ikornrygg.

Både i hennar egne og i ektemannens arbeider finn ein ei ektefølt glede og stolthet over det gode livet i bygdenoreg, meir spesielt i Nord-Østerdalen. Ein kan finne biografiske- og selvbiografiske element i fleire av hennar billedbøker, som i «Lars og Ola på tytingtur». I «Maren Ingeborg og Pus på Rørosmartnan» er ei nabojente modellen.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Svarttrosten som forsov seg, 1979
  • Lars og Ola på tytingtur, 1980
  • Kjenner du fru Frodig?,1982
  • Grynt, eit søppelkassedyr, 1985
  • Slukhalsen Påkar, 1986
  • Zheng Mei og dralen, 1987
  • Maren Ingeborg og Pus på Rørosmartnan, 1990
  • Krigsbarn på Ekeberg, 1995
  • Snusen på ville veier, 1998
  • To i lufta og ein på bakken, 2004
  • Martins hemmelige hemmelighet, 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]