Uptown av The Crystals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Uptown
Singel av The Crystals
frå albumet Twist Uptown
B-side «What a Nice Way to Turn Seventeen»
Utgjeve 1962
Selskap Philles
Låtskrivar(ar) Barry Mann, Cynthia Weil
Produsent Phil Spector
The Crystals-kronologi
There's No Other (Like My Baby)
(1961)
Uptown He Hit Me (and It Felt like a Kiss)
(1962)


«Uptown» er ein song frå 1962 av The Crystals, skriven av Barry Mann og Cynthia Weil..

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1961 spelte The Crystals inn «There's No Other (Like My Baby)» med produsenten Phil Spector. Då The Crystals spelte inn «Uptown» året etter, hadde ikkje gruppa fått betaling frå Spector for «There's No Other». Etter å ha spelt inn «Uptown», vart The Crystals igjen ikkje betalt av Spector, og gruppa sparka manageren Benny Wells. [1]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Før The Crystals spelte inn «Uptown», erstatta La La Brooks Myrna Girrard etter Girrard vart gravid.[2] Under ei nyinnspeling av «Uptown», henta Spector inn Eva Boyd etter at låtskrivarane Cynthia Well og Barry Mann overtydde han om å spele inn vokalen på ny. Boyd vart sint då Spector tvang ho til å syngje vokalen opp att og opp att, om førte til at Spector gav ut den originale versjonen med The Crystals.[3]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Uptown» vart opphavleg skriven for Tony Orlando, men Spector overtydde låtskrivarane Cynthia Well og Barry Mann om å gje songen til han sjølv.[4] Spector endra så nokre av notane slik at Barbara Aliston frå The Crystals kunne syngje han og endra teksten til å handle om afroamerikanarar i staden for ein latinamarikanar..[5] Teksten til «Uptown» handlar om å bu i slummen og skapte ein «sofistikert og samfunnsmedviten» song som la grunnlaget for seinare rock and roll-songar.[6]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

I 1962 nådde «Uptown» 13. plassen på Billboard Hot 100[7] og 18. plassen på Hot R&B Sides.[8]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Uptown» vart spelt inn av Anita Lindblom for Fontana og Peter Gordeno for HMV.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Musso, Anthony P. (2007). Setting the Record Straight. AuthorHouse. s. 150. ISBN 9781425959869. Henta 21. februar 2018. 
  2. Clemente, John (2013). Girl Groups: Fabulous Females Who Rocked The World. AuthorHouse. s. 70. ISBN 9781477276334. Henta 21. februar 2018. 
  3. Emerson, Ken (2005). Always Magic in the Air. Viking. s. 136. ISBN 0670034568. 
  4. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits (Updated and Expanded 5th utg.). Billboard Books. s. 119. ISBN 9780823076772. Henta 21. februar 2018. 
  5. Emerson 2005, s. 136.
  6. Musso 2014, s. 149.
  7. «Hot 100». Billboard: Cover. 26 May 1962. Henta 31 July 2017. 
  8. «Hot R&B Sides». Billboard: 45. 9 June 1962. Henta 31 July 2017. 
  9. Wedge, Don (2 June 1962). «Form Shadrich Disk Production». Billboard. Henta 31 July 2017.