Urmiasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 37°42′N 45°19′E
Urmiasjøen
innsjø
Lake urmia.jpg
Urmiasjøen frå verdsrommet i 1984
Land Flag of Iran.svg Iran
Tilsig Zarriné-Rūd, Simineh-Rūd, Mahabadelva, Gadar, Barandouz, Shaharelva, Nazlou, Zolaelva, Qaturelva, Kaftar Ali Chay, Aji Chay, Boyuk Chay, Rudkhaneh-ye Qaleh Chay, Qobi Chay, Rudkhaneh-ye Mordaq, Leylanelva
Koordinatar 37°42′N 45°19′E
Lengd 140 km
Breidd 55 km
Areal 5 200 km²
Saltinnhald 217–235 g L−1 Na–(Mg)–Cl–(SO4) saltlake[1]
8–11 % om våren, 26-28 % på seinhausten[2]

Urmiasjøen
37°39′43″ N 45°24′18″ E
Wikimedia Commons: Urmia Lake

Urmiasjøen (persisk دریاچه ارومیه, Daryāche-ye Orūmiye; aserbajdsjansk Urmiya gölü) er ein endorheisk saltsjø i Iran.[3][4] Innsjøen ligg mellom provinsane Aust-Aserbajdsjan og Vest-Aserbajdsjan i Iran, og vest for den sørlege delen av Kaspihavet. På sitt største var innsjøen den største i Midtausten og den sjette største saltsjøen på jorda, med eit areal på kring 5200 km², ei lengd på 140 km, ei breidd på 55 km og ei største djupne på 16 m.[5] Innsjøen har krympa inn til berre 10 % av den tidlegare storleiken på grunn av oppdemming av elvane som flyt ut i han, og pumping av grunnvatn frå det kringliggande området.[6]

Urmiasjøen og dei kring 102 øyane i innsjøen, er verna som ein del av ein nasjonalpark av det iranske miljødepartementet.

Innskrumping av overflata av Urmiasjøen.

Innsøjen har namn etter provinshovudstaden Urmia. I 1930-åra vart han derimot kalla Rezaiyehsjøen (persisk دریاچه رضائیه) etter Reza Shah Pahlavi. Etter den iranske revolusjonen seint i 1970-åra, fekk innsjøen attende namnet Urmia.

Tilsig[endre | endre wikiteksten]

Urmiasjøen får vatn frå 13 permanente elvar og mange mindre kjelder, i tillegg til nedbør direkte i innsjøen.[1] Nesten halvparten av tilsiget kjem frå Zarrinehelva og Simineh.[1] Det er ingen utsig frå innsjøen så vatnet forsvinn via fordamping.[1]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Stevens, Lora R.; Djamali, Morteza; Andrieu-Ponel, Valérie; de Beaulieu, Jacques-Louis (1 April 2012). «Hydroclimatic variations over the last two glacial/interglacial cycles at Urmia Lake, Iran». Journal of Paleolimnology (Springer Netherlands) 47 (4): 647. doi:10.1007/s10933-012-9588-3. 
  2. Urmia Lake. 2012. Encyclopædia Britannica Online. Henta 14. august 2015, from http://www.britannica.com/EBchecked/topic/619901/Lake-Urmia
  3. Henry, Roger (2003) Synchronized chronology: Rethinking Middle East Antiquity: A Simple Correction to Egyptian Chronology Resolves the Major Problems in Biblical and Greek Archaeology Algora Publishing, New York, s. 138, ISBN 0-87586-191-1
  4. E. J. Brills first encyclopaedia of Islam, 1913–1936, vol. 7, page 1037 citing Strabo og Ptolemy.
  5. «Britanica». Britannica.com. Henta 4. april 2021. 
  6. «Saving Iran’s great saltsjø». Science. 4. april 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Urmiasjøen