Uschi Disl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Uschi Disl
Uschi disl 2006.jpg
Fødd 15. november 1970
Bad Tölz
Yrke skiskyttar
Uschi Disl på Commons

Ursula «Uschi» Disl (fødd 15. november 1970) i Bad Tölz i Bayern i Tyskland) er ein tysk skiskyttar. Ho er to gonger olympisk meister i stafett, og seks gonger verdsmeister (to individuelle).

Disl har hatt ein lang og suksessrik karriere i skiskyting. Ho var med i Vinter-OL i 1992, første gong skiskyting for kvinner var på OL-programmet og vann sølv med det tyske stafettlaget. Ho var vunne medalje i alle OL etterpå òg:

Ho er dermed den mestvinnande kvinnelege skiskyttaren i OL gjennom tidene, og har vunne medaljar i alle fem OL der kvinneleg skiskyting har stått på programmet. I VM i skiskyting har ho til saman 19 medaljar, derav to individuelle gull frå VM i Hochfilzen i 2005 og seks gull med stafett eller lag.

Frå og med 1993/94-sesongen har ho aldri kome dårlegare enn 8. plass i verdscupen i skiskyting samanlagt. Yrkesmessig er ho tilknytt det tyske politiet.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • 2. plass (1995/96), 3.plass tre gonger
  • Verdsmeisterskap:
    • 8 gull (2 individuelt), 7 sølv, 2 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 2 gull, 4 sølv, 3 bronse (beste individuelt: 2 sølv)
  • Verdscuprenn:
    • 30 gull, 19 sølv, 25 bronse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]