Uskedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Uskedal)
Uskedalen
tettstad
Frå hamna i Uskedalen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvinnherad
Areal 0,75 km²
Folketal 746  (2023)
Folketettleik 995 / km²
Postnummer 5463 USKEDALEN
Kart
Uskedalen
59°56′00″N 5°52′00″E / 59.9333°N 5.86667°E / 59.9333; 5.86667
Wikimedia Commons: Uskedalen

Uskedalen, eller Uskedal, er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Staden har 746 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på søraustsida av Hardangerfjorden, sørvest på Folgefonnhalvøya, mellom Rosendal og Husnes. Riksveg 48 går gjennom staden.

I Uskedalen er det campingplass og gjestehamn. Uskedalselva er rekna som ei god aureelv.

Historia[endre | endre wikiteksten]

1800-talet og tidleg 1900-talet[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Arnesen opna krambu i Uskedalen i 1860-årene. Før den tid var dreiv Harald Bergenson Myklebust handel i Beinavikjo og Jens Arnesen overtok etter han.
  • Ei skulelov av 1860 gjorde slutt på omgangsskulen. Det skulle vera eit fast skulehus i kvar krins, og var det mange nok barn, skulle det vera to eller fleire klasser. Ved utgangen av 1863 var det bygd 8 skulehus, i Ølve, Hatlestrand, Austrepollen, Løvfallstrand, Omvikedalen, Uskedalen, Bringedalsbygda og Husnes. Lærer var Jørgen Thunold som kom til Uskedalen i 1867 etter å ha blitt uteksaminert frå lærarseminaret på Stord same året.
  • Rundt 1890 var vegen til Rosendal ferdig, og dei som hadde hest kunne køyre til kyrkja.
  • Uskedalen meieri var det første som kom i gang i Kvinnherad, i 1891. Togeir Myklebust var formann, og meieriet leide hus hos Peder B. Myklebust, som var reknskapsførar. Her var det smør og gamalost som blei produsert. Smøret blei sendt til England. Prisen var sett til 8 øre literen, men gjekk nedover. Laget kom i vanskar og drifta tok slutt i 1896.
  • Kring 1895 sette landhandlar Ivar Arnesen i gang ein hermetikkfabrikk i Beinavikjo. Der la dei ned sild- og brislingsardiner.
  • Ved hundreårsskiftet budde det 580 menneske i Uskedalen.
  • I 1908 blei fabrikken ”Uskedalen Silolje- og Fodermelfabrik” bygd av Sigurd Arnesen, son til Ivar Arnesen. Denne fabrikken kom ut av drift i 1940.
  • I 1911 måtte Ivar Arnesen selje fabrikken i Beinavika til Concord Canning Co., etter å ha møtt økonomiske vanskar. Denne fabrikken brann ned i 1962.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Etter krigsutbrotet vart dei fleste vernepliktige frå Kvinnherad natt til 10.april sende til Voss som eit ledd i mobiliseringa, og seinare vart dei overførte til kampane i Valdres. Men på grunn av staden sin strategiske plassering, kom det til trefningar i Uskedalen òg. Grunnen var at fem norske vakt- og torpedobåtar samla seg i ly av øya Skorpo i eit forsøk på å halde den tyske invasjonsstyrken ute av Hardangerfjorden lengst mogeleg. Kanonane frå båtane vart sett opp på lastebilsplan, og skyttarlagsfolk frå kommunen vart samla i Uskedalen for å møta det tyske åtaket som måtte komma.

Etter trefningar ute i fjorden der ein av dei norske båtane vart søkt ved Ånhuglo, kom det ei samling på 10-12 tyske båtar frå Bergen for å slå ned motstanden. Soldatar vart landsette på kvar side av Uskedalen, i Herøysund og Dimmelsvik, samstundes med at både dei norske båtane og landstillingane vart skotne på av marinefartøya. Etter ei kort trefning måtte skyttarlagsmannskapet trekkja seg tilbake i lag med norske marinegastar som hadde redda seg i land. Dei fór opp på Hauglandsfjellet der dei skilde lag; kvinnheringane fór heim til sitt, medan marinegastane tok vegen over til Matre. Dei norske fartøya måtte gje seg for overmakta. Dei båtane som ikkje hadde vore søkte, vart tekne i varetekt og førte til Bergen. Nokre av det norske mannskapet som redda seg i land, gøymde seg på Kapteinsgarden. I kjellaren her låg òg folk frå det britiske konsulatet gøymd under kampane.

Kampane i Uskedalen 18.april let ikkje andre merke igjen etter seg enn det sundskotne koret på kyrkja frå 1914, og kulehola i Kapteinsgården. Ser ein bort frå handlingane på Sunde, tyske marinefartøy som av og til låg til kai i Herøysundet, og eit sandtak i Rosendal som tyskarane dreiv ved hjelp av straffanger, var det heller sjeldsynt å sjå tyske soldatar i Kvinnherad etter trefningane i Uskedalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Uskedalen