Rosendal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosendal
tettstad
none  Rosendal sett frå Malmangernuten, innover mot Hardangerfjorden.   Foto: Kjetil Lenes
Rosendal sett frå Malmangernuten, innover mot Hardangerfjorden.
Foto: Kjetil Lenes
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Kvinnherad
Areal 1,41 km²
Folketal 773 (2015)
Folketettleik 548 / km²
Postnummer 5470 ROSENDAL
Innbyggjarnamn Rosendøl
Preposisjon i Rosendal
Wikimedia Commons: Rosendal

Rosendal er administrasjonssenter i Kvinnherad kommune, og den største turistbygda.

Ved Rosendal tettstad ligg òg den største turistattraksjonen i kommunen – Baroniet Rosendal, eit lite slott frå om lag 1666 som ligg inne i eit stort parkanlegg, i dag eit museum som mellom anna fokuserer på unionstida med Danmark. Kring Rosendal er det høge fjell, og det er ikkje langt til isbreen Folgefonna og Folgefonna nasjonalpark, sjølv om tettstaden ligg ut mot Hardangerfjorden. På kaia i Rosendal ligg Skaalurensamlinga, ei museumssamling som fokuserer på dei lange skipsbyggingstradisjonane i Rosendal. Steinparken i Rosendal viser dei ulike bergartaneFolgefonnhalvøya. Her er også ei samling av arkelogiske funn frå området, utstillt i ei restaurert røykstove frå mellomalderen, på den gamle Malmanger prestegard.

Frå gamalt av var Rosendal ei jordbruksbygd, med eit rikt jord- og husdyrbruk som henta impulsar frå drifta på Rosendal Avlsgård, hovudgarden ved Baroniet Rosendal. I dag er det flest arbeidsplassar knytt til turisme, tenesteyting og handel.

Kvinnherad kyrkje ligg i Rosendal. Steinkyrkja er delvis bygd i romansk og delvis i gotisk stil og er frå om lag 1250.

Avisa Grenda kjem ut i Rosendal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]