Folgefonnhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn frå nordsida av Hardangerfjorden mot Folgefonnhalvøya. Teikning av historikaren Peter Andreas Munch frå ei studiereise 1842–1843

Folgefonnhalvøya er ei halvøy i Hardanger i Hordaland som har namn etter isbreen Folgefonna. Halvøya er avgrensa av Hardangerfjorden i nord og vest, Åkrafjorden i sør og Sørfjorden i aust. Sambandet til fastlandet går over det 30 kilometer breie eidet mellom Odda, opp Oddadalen til Skåre og ned Sørdalen til Åkrafjorden.

Folgefonnhalvøya er delt mellom Ullensvang herad i nord, Odda i aust, Etne i sør, Kvinnherad i vest og Jondal i nordvest. Det er berre sistnemnde kommune som ligg på Folgefonnhalvøya som heile.

Halvøya er prega av høge fjell og djupe daler, og har sitt høgste punkt, 1644 moh. på den nordre delen av Folgefonna. Høgste punkt på fast grunn er Torsnuten på 1572 moh. I sørvest skjer Matrefjorden inn i halvøya og frå vest går Maurangsfjorden djupt inn, slik at det berre er 12 km til Sørfjorden på austsida. Her går Folgefonntunnelen under Folgefonna og forbind Odda med Kvinnherad. Gjennom den nordvestlege delen forbind Jondalstunnelen Kvinnherad og Jondal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]