Ust-Orda Burjatia
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Ust-Ordynskij | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 77. 22 400 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 82. ca. 133 800 (2006) | ||||
Føderalt distrikt | Sibir | ||||
Økonomisk region | Aust-Sibir | ||||
Regionsnummer | 85 | ||||
Offisielt språk | Russisk, burjatisk | ||||
Guvernør | Valerij Gennadjevitsj Malejev | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0800 |

Ust-Orda Burjatia (russisk Усть-Ордынский Бурятский автономный округ, burjatisk Усть-Ордын Буряадай автономито округ) var fram til 1. januar 2008 eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det var del av Irkutsk oblast, men samstundes eit av dei 85 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Ust-Ordynskij, arealet 22 400 km² og innbyggjartalet 133 800.(2006) Ved folketeljinga i 2010 hadde folketalet gått ned til 125 200,[1] ein nedgang på 6,4 % på fire år.
I 2002 var den etniske samansetjinga i området:
16. april 2006 vart det heldt ei folkeavrøysting om full samanslåing av Ust-Orda Burjatia med Irkutsk oblast. Resultatet vart ja, og samanslåinga skjedde 1. januar 2008.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
