Eskil Pedersen
Eskil Pedersen | |
Eskil Pedersen etter terroråtaka 22. juli 2011.
| |
Fødd | 6. mars 1984 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
Wikimedia Commons: Eskil Pedersen | |
Eskil Pedersen (fødd 6. mars 1984 i Skien) er ein norsk politikar (Ap).
Han har vore leiar i Arbeidernes ungdomsfylking (AUF) sidan 17. oktober 2010 og varamedlem av Oslo bystyre sidan 2007. Han var leiar i AUF i Telemark frå 2001 til 2004, leiar i AUF i Oslo i 2006 og nestleiar i AUF frå 2006 til 2010. Pedersen var medlem av Telemark fylkesting frå 2003 til 2007 og var då medlem av hovudutvalet for kompetanse. Han har også vore styremedlem i Telemark Nei til EU, nestleiar i Skien AUF og politisk rådgjevar i AUF med ansvar for valkamp og miljøpolitikk. Han er den fyrste opne homofile leiaren av AUF.
Pedersen har eit påbyrja bachelorstudium i statsvitskap og emne i europeiske og amerikanske studie ved Universitetet i Oslo.
Under terroråtaka 22. juli 2011 var han blant dei fyrste som kom i tryggleik på Utøya.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Eskil Pedersen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juli 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Eskil Pedersen» frå Wikipedia på svensk, den 27. juli 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Eskil Pedersen» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2011.