Vågsfjorden i Nordfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°55′46″N 5°4′9″E

Vågsfjorden sett frå Husevåg på Husevågøy.
Foto: Scarto

Vågsfjorden er ein delfjord av Nordfjord i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane. Han ligg mellom Husvågøy i sør og sjølve Vågsøy i nord. På sørsida av Vågsøy ligg Fåfjorden. Fjorden strekkjer seg 8,5 km frå vest til aust.

Det vestlege innløpet til fjorden ligg mellom Hovden på Husvågøy og Vombaneset. Like innanfor Vombaneset ligg tettstaden Vågsvåg og litt lenger aust tettstaden Holvika. Byen Måløy ligg på søraustsida av Vågsøy og sørlege delar av byen ligg òg ved fjorden. Frå her går Ulvesundet nordover til Sildegapet på sørsida av Stadlandet. På nordsida av Husvågøy ligg bygda Husvåg. Søraust for Måløy ligg Skavøypollen og tettstaden Tennebø. Fjorden endar på nordsida av Gangsøya.

Det går ferjesamband over fjorden frå Oldeide på sørsida av Fåfjorden til Husvågøy og Måløy. Riksveg 16 går langs nordsida av fjorden til Måløy.