Våle prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°25′32.722″N 10°16′15.355″E / 59.42575611°N 10.27093194°E / 59.42575611; 10.27093194

Våle prestegard
Foto: Peter Fiskerstrand

Våle prestegard er ein tidlegare prestegard i Tønsberg i Vestfold. Han vart skild ut som eigen gard på 1300-talet. Hovud- og sidebygningen, stabburet og brønnhuset er freda. Driftsbygningen er verneverdig. Det meste av hovudbygningen er truleg frå 1737. Her overnatta kong Fredrik V då han var på gjennomreise i 1749. Årringar frå tømmeret i sidefløya viser at fløya er frå 1641. Dette er den eldste høgstova som er funnen i Noreg. Stabburet er oppført på 1700-talet og brønnhuset på 1900-talet.

Garden inneheld mange gamle reiskapar (som òg er i bruk) og har i dag preg av bygdemuseum. Vedlikehaldarar og ansvarlege er Stiftelsen Våle Prestegård, som tok over eigedomen på 1990-talet. Garden ligg langs Gjeldstadveien, 700 meter nordvest for Våle kyrkje.

Våle prestegård var tusenårsstaden for tidlegare Re kommune. Prestegarden vart freda i 1991.

Rundt tunet ligg mange gravhaugar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]