Vénuste Niyongabo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vénuste Niyongabo
Statsborgarskap Burundi
Fødd 9. desember 1973
Vugizo
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, langdistanseløpar, mellomdistanseløper

Vénuste Niyongabo (fødd 9. desember 1973) er ein burundisk tidlegare friidrettsutøvar, som i 1996 vart den fyrste OL-medaljør frå Burundi då han vann 5 000-meteren under sommarleikane i Atlanta.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Niyongabo vart fødd i Vugizo i det sørlege Burundi. Han deltok på 1500 m då 1993-VM fann stad i Stuttgart, der han var eit knapt sekund unna å sikre seg finaleplass. I 1994 og -95 var Niyongabo ein av dei beste 1500-meterløparar, med sigrar i fleire store tevlingar. Ved friidretts-VM i Göteborg i 1995 vann han bronsemedaljen på yndlingsdistansen, einast toppløparane Noureddine Morceli og Hicham El Guerrouj sprang fortare.

Til sommarleikane 1996 i Atlanta kom Niyongabo som ein av dei største gullkandidatane på 1500 m. Men der valde å la deltakarplassen på 1500 gå til lagkameraten Dieudonné Kwizera. I staden tevla Niyongabo på 5 000 m, ein distanse han tidleg i juni månad i franske Saint-Denis hadde sett personleg rekord med tida 13.03,2. Nøyaktig to månader etter løpet i Saint-Denis la han i OL-finalen i Atlanta på sisterunda la inn ein spurt ingen klarte fylgje og han enda opp ein gullmedalje få hadde forventa.

Den 22. august 1997 sprang Niyongabo i mål på tida 3.29,1 under eit stemne Brussel, hans aller kjappaste 1500 meter nokon gong. Etter 1997 sleit Niyongabo med skadar. Han nådde aldri opp mot sitt tidlegare bestenivå og la opp etter 2000-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]