Vézelay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vézelay
Vézelay
Basilique Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay.
Hovudgata fram mot Basilique Sainte-Marie-Madeleine

Vézelay er ein liten bykommune som fungerer som lokalt administrasjonssenter for området Avallon i departementet Yonne, 45 km frå Auxerre, i regionen Bourgogne-Franche-Comté sør-aust for Paris i Frankrike. Byen er vidgjeten for den store klosterkyrkja Basilique Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay, som høyrde til eit benediktinar-abbedi som seinare vart rive ned, og har spela ei viktige rolle i den europeiske soga ved mellom anna å ha vore eit slags utgangspunkt for to av krosstoga.

Vézelay ligg på toppen og i sidene av ein ås på den venstre bredda av elva Cure, i ei høgd over havet på mellom 170 og 339 meter. Mot sør og nord er åssidene bratte, og byen er difor berre lett tilgjengeleg frå vest. Hovudgata fylgjer åskammen fram til Basilique Sainte-Marie-Madeleine, som er dominerande plassert ved enden av åskammen. Byen og kyrkja er ført opp på verdsarvlista til UNESCO.

På grunn av landskapet fekk byen namnet Vézelay-la-Montagne («Fjell-Vézelay») i 1793. Talet på innbuarar var då 1300, medan det i året 2006 ikkje var på meir enn 473.

Ein bymur i 1,9 kilometers lengd, opptil ti meter høg og gjennomsnittleg to meter tjukk, vart bygd langs åssida på byrjinga av 1100-talet. Dei fem forsvarstårna er frå 1300-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Om lag 858 e.Kr. vart det skipa eit nonnekloster i det som då var ein landsby nedanfor åsen, det noverande Saint-Père som elva Cure renn gjennom. Namnet på Saint-Père var då Vezeliacus, som seinare vart til Vizeliac, og til sist Vézelay, etter at klosteret var flytta opp på åsen og omgjort til munkekloster som fylgje av eit åtak i 873 av normannarar som kom opp elva Cure via elvene Yonne og Seinen. Dette benediktinarklosteret var vigsla til Jomfru Maria og apostlane Sankt Peter (saint Pierre) og Sankt Paulus (saint Paul).

I 1034 reforrmerte abbed Geoffroy abbediet og overtydde sine samtidige om at abbediet hysa restane etter Maria Magdalena (Marie-Madeleine). Dette utløyste ofringar og donasjonar, og klosteret vart eit pilegrimsmål som òg kom innbuarane i landsbyen til gode; landsbyen vart med tida til ein liten by. Men fyrst i 1050 vart Maria Magdalena offisiell helgen for abbediet ved eit paveleg dokument. Abbediet i Cluny i Burgund vart då tiltrekt av Vézelays bløming og la det under seg.

I 1146 preika Bernard frå Clairvaux i Vézelay for det andre krosstoget, og på denne staden i byen vart det bygd ei minnekyrkje som det framleis finst leivningar etter: la Cordelle. Philippe Auguste og Ricard Løvehjarta møtte kvarandre her i 1190 i samband med det tredje krosstoget. Men på 1200-talet byrja nedgangen for abbediet, i og for seg til liks med ein nedgang for klostervesenet generelt og benediktinarorden spesielt. Pave Clement IV sette då i gang undersøkingar for å kome fram til årsakene til denne nedgangen, og etter å ha gjennomført ei høgtideleg verifikasjon av Maria Magdalenas relikviar 24. april 1267, bløma Vézelay opp att.

Men i 1279 proklamerte paven at eit lik som var attfunne i Saint-Maximin-la-Sainte-Baume (i departementet Var) i Søraust-Frankrike var Maria Magdalenas rette lekam. Etter legender og den lokale tradisjonen hadde Maria Magdalena levd eit botferdig liv i grotta Sainte-Baume i dette distriktet i fleire år, og var difor lagt i krypten i kyrkja Saint Maximin. Dette fekk det til å gå nedover att med Vézelay, som i 1280 vart lagt meir eller mindre fullstendig under kongeleg dominans. Ved slutten av den franske revolusjonen hadde Vézelay mista byprivilegia, folketalet sokk og byen vart redusert til ein liten tettstad.

Kyrkjer i Vézelay[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Basilique Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay, som vart restaurert under arkitekten Viollet-le-Duc i 1840 og frametter, har det vore to andre kyrkjer i byen, Saint-Étienne, og Saint-Pierre. Det står litt att av Saint-Étienne, men av Saint-Pierre står det berre att eit tårn frå 1600-talet med tårnur.