Vadzim Dzevjatoŭski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vadzim Dzevjatoŭski

Vadim Devyatovskiy.jpg

Statsborgarskap Kviterussland
Fødd 20. mars 1977
Navapolatsk
Idrett friidrett
Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar, politikar

Vadzim Dzevjatoŭski, eller Vadim Devjatovskij, er ein kviterussisk tidlegare sleggjekastar frå Novopolotsk som tok VM-sølv 2005, OL-bronse 2004 og EM-bronse.

Etter å ha vorte nummer fire i sleggjekasting ved Sommar-OL 2004, tok Dzevjatoŭski sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i Helsinki året etter. I EM 2006 hamna Dzevjatoŭski på bronseplassen, 8 cm bakom sølvvinnar Olli-Pekka Karjalainen frå Finland. Vinnaren i Helsinki og under EM 2006, landsmannen Ivan Tsikhan, fekk elles annullert begge resultata etter at dopingprøvene frå 2004 vart testa på ny i 2012. Ved verdsmeisterskapen i Osaka i 2007 enda Dzevjatoŭski på fjerdeplassen, fattige 3 cm unna bronsen.

Under dei olympiske sommarleikane i Beijing vart kviterussarane Dzevjatoŭski og Tsikhan nummer 2 og nummer 3 i sleggjetevlinga. Etter leikane vart begge frådømde medaljane, men etter ein rettsprosess i 2010 tilkjende medaljane, grunngjeve med slurv i prøvetakinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]