Primož Kozmus
| Primož Kozmus | |
| Statsborgarskap | Slovenia |
| Fødd | 30. september 1979 (46 år) Novo mesto |
| Yrke | sleggekaster, friidrettsutøvar |
| Språk | slovensk |
| Høgd | 188 centimeter |
| Primož Kozmus på Commons | |
Primož Kozmus (fødd 30. september 1979) er ein slovensk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i sleggjekasting. Under OL 2008 i Beijing vann han gullmedaljen i øvinga. Dette var Slovenias første olympiske gullmedalje i friidrett. Året etter vart han verdsmeister i Berlin.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kozmus sette i 2000 ein personleg rekord på 76,84 meter. Den store framgangen kom i 2003-sesongen med di han forbetra sitt personbeste til 81,21 m i Zagreb. Han tok seg til finalen i dei komande store meisterskapane, utan han evna å melde seg på i medaljestrid. Åra 2007, 2008 og 2009 nådde han toppen, kasta alle sesongane årsbeste over 82 meter. 10. juni 2007 flytta han sitt personbeste til 82,30 m i polske Bydgoszcz. To månader seinare kasta han tett på like langt under VM-finalen i Osaka og sikra seg sølvmedaljen. Den 17. august 2008 i Beijing kasta han årsbeste 82,02 m og vart olympisk meister. Ved verdsmeisterskapen 2009 i Berlin var han den einaste som kasta over 80 meter. Han leia tevlinga frå 2. omgang, men vinnarkaste kom i den sjette og siste omgangen. 2. september 2009 nådde Kozmus 82,58 meter i Celje, hans livs lengste sleggjekast. Seinare i september sigra han i IAAF-finalen med 79,80 m. Etter å ha stått over 2010-sesongen, kom han han tilbake i 2011 og nådde som best 80,28 m. Med bestekast litt over 79 meter vann VM-bronsen i 2011, OL-sølv i 2012, medan det vart fjerdeplass i VM 2013. Han la opp etter 2014-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (68,83 m=nr 38)
- EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa (72,60 m=nr 25)
- VM i 2003 i Paris: Nr 5 – 79,68 m
- OL 2004 i Athen: Nr 6 – 78,56 m
- EM 2006 i Göteborg: Nr 7 – 78,18 m
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 82,29, m bakom Ivan Tsikhan (83,63 m)
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje – 82,02 m, framom Vadzim Dzevjatoŭski (81,61 m) og Ivan Tsikhan (81,51 m)
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 80,84 m, framom Szymon Ziółkowski (79,30 m)
- VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 79,39 m
- OL 2012 i London: Sølvmedalje – 79,37 m, bakom Krisztián Pars (80,59 m)
- VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 79,22 m
- EM 2014 i Zürich: Nr 6 – 77,46 m
Kozmus sin personlege rekord er 82,59 m og vart oppnådd under eit stemne i Celje i 2. september 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Primož Kozmus» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1979
- Slovenske sleggekastarar
- Verdsmeistrar i sleggekast
- Olympiske meistrar for Slovenia
- Olympiske meistrar i sleggekast
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Slovenia
- Slovenske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Slovenske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- Slovenske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Slovenske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012